Bølefjorden er ein fjord i Flatanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 7 km søraustover til Bøle og Drageid i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Rugholmen i vest og Risholmen i aust. Småværet er ei lita bygd på austsida av fjorden ved innløpet. Det ligg fleire småbruk langs austsida av fjorden, medan vestsida berre har eit par isolerte gardar. Heilt i botn av fjorden ligg Drageid, eit eid på om lag 300 meter der grensa til Sør-Trøndelag går. På andre sida av eidet ligg Svesfjorden.
Fv492 går langs delar av austsida av fjorden.
Kategori:Fjordar i Flatanger