Hellfjorden er ein fjordarm av Brandsfjorden i Åfjord kommune i Trøndelag fylke. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til Nordfjellet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Klakksneset i vest og Spælodden i aust, begge like aust for øya Terningen. Like sør for Spælodden ligg Sumstadvika på austsida med bygda Sumstad.

Fylkesveg 6312 går langs austsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Åfjord