Flisfjorden er ein liten fjordarm på nordsida av Storfjorden langs kommunegrensa mellom Ålesund og Sula på Sunnmøre. Fjorden er berre 1,7 km lang og strekkjer seg nordover til Vegsundet, som går aust til enden av Åsefjorden.

mini|venstre|Flisfjorden og Storfjorden sett frå Høgkubben (450 moh.), nord for Blindheim

Fjorden har innløp ved Flisnesholmen, som ligg midt mellom Flisneset i aust og Kvasneset i vest. Bustadfeltet Myrland ligg inst i fjorden.

Kategori:Fjordar på Sunnmøre Kategori:Fjordar i Ålesund Kategori:Geografi i Sula