Voltaire, eigentleg François-Marie Arouet, () var ein fransk forfattar, dramatikar og samfunnskritikar.

Liv og virke Han vart fødd i Paris som son av notaren François Arouet og Marie-Marguerite D'Aumard. Arouetfamilien var ein velståande kjøpmannsfamilie, og François var 5. barn i søskenflokken.

Forfattarskap Voltaire var ein produktiv forfattar, som skreiv verk i nesten kvar einaste litterære form og sjanger. Han skreiv skodespel, poesi, romanar, essay, historiske og vitskapelege verk, meir enn 20 000 brev og meir enn 2000 bøker og pamflettar.

Filosof Voltaire var ein av opplysningstida sine store filosofar, og ein stor forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Han er tillagd den klassiske formuleringa av toleranseprinsippet: «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier.» I dag veit ein at sitatet truleg er laga av Evelyn Beatrice Hall, sidan det har vore umogleg å finne dette sitatet i Voltaire sine verk. Det er truleg ein parafrase over eit uttrykk i eit brev han skreiv i februar 1770 til M. le Riche, der det heiter: «Eg avskyr det du skriv, men eg vil ofre livet for å gjere det mogleg for deg å halde fram med å skrive.» http://www.classroomtools.com/voltaire.htm

Verk thumb|Filosofiske brev thumb|Candide

Œdipe, drama, 1718 La Henriade, 1728 Histoire de Charles XII, roi de Suède, 1730 - norsk omsetjing 1943: Karl den tolvte Brutus, 1730 Zaïre, drama, 1732 Le temple du goût, 1733 Lettres anglaises ou Lettres philosophiques, 1734 - norsk omsetjing 1990: Filosofiske brev ISBN 82-03-16317-3 Adélaïde du Guesclin, 1734 Mahomet, drama, 1736 Mondain, 1736 La Mort de César, drama, 1736 Epître sur Newton, 1736 Traité de métaphysique, 1736 L’Enfant prodigue, 1736 Essai sur la nature du feu, 1738 Eléments de la philosophie de Newton, 1738 Zulime, 1740 Le fanatisme ou Mahomet le prophète, 1741 Mérope, 1743 Zadig (La Destinée), 1748 - norsk omsetjing 1861 Le monde comme il va, 1748 Nanine, ou le Péjugé vaincu, 1749 Le Siècle de Louis XIV, 1751 Micromégas, 1752 Poème sur le désastre de Lisbonne, 1756 Essai sur les mœurs et l'esprit des Nations, 1756 Histoire des voyages de Scarmentado écrite par lui-même, 1756 Candide ou l'Optimisme, 1759 - norsk omsetjing 1930 Tancrède, 1760 Histoire d'un bon bramin, 1761 La Pucelle d'Orléans, 1762 Traité sur la tolérance, à l'occasion de la mort de Jean Calas, 1763 - norsk omsetjing 2005: Traktat om toleransen ISBN 82-03-19018-9 Ce qui plait aux dames, 1764 Dictionnaire philosophique portatif , 1764 Jeannot et Colin, 1764 De l'horrible danger de la lecture, 1765 Petite digression, 1766 Le Philosophe ignorant, 1766 L'ingénu, 1767 La Princesse de Babylone, 1768 Canonisation de saint Cucufin, 1769 Questions sur l'Encyclopédie, 1770 Les lettres de Memmius, 1771 Il faut prendre un parti, 1772 Le Cri du Sang Innocent, 1775 De l’âme, 1776 Dialogues d’Euhémère, 1777 Correspondance avec Vauvenargues, 2006

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Voltaire» frå , den 4. mars 2008.

Bakgrunnsstoff

La Société Voltaire Verk av Voltaire - Project Gutenberg Komplett liste over skodespela til Voltaire

Kategori:Bidragsytarar til Encyclopédie Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franske filosofar