2. juli er den 183. dagen i den gregorianske kalenderen (184. under skotår). Det er 182 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og flaggdagar
Religiøs helgedag
Namnedag
Helgendag i den katolske kyrkja St. Svithun
Tidlegare feiringar Maria besøksdag Syftesok på primstaven
Hendingar
Utlandet 1823: Portugisisk styre i Brasil enda med den siste nedkjempinga av lojalistar til den portugisiske krona i provinsen Bahia. 1853: Russiske styrkar gjekk inn i Donaufyrstedøma som var under osmansk herredøme. Dette leidde til Krimkrigen, 1865 Frelsesarmeen blei grunnlagd i London med namnet «The Christian Mission». 1900: Flyginga av første luftskipet til Ferdinand von Zeppelin. 1976: Nord-Vietnam og Republikken Sør-Vietnam blei slåtte saman til Den sosialistiske republikken Vietnam.
Noreg 1904: Opninga av De Sandvigske Samlinger, no kjend som Maihaugen, på Lillehammer.
Fødde
1714: Christoph Willibald Gluck, tysk komponist 1877: Hermann Hesse, tysk forfattar 1903: Kong Olav V av Noreg 1923: Wisława Szymborska, polsk forfattar og nobelprisvinnar 1944: Jon Grepstad, aktivist og målmann 1976: Inga Marte Thorkildsen, norsk politikar
Døde
862: Heilage Svithun, angelsaksisk biskop av Winchester og vernehelgen for Stavanger 1586: Nostradamus, fransk lærd spåmann 1778: Jean-Jacques Rousseau, sveitsisk-fransk filosof 1961: Ernest Hemingway, amerikansk forfattar og nobelprisvinnar 1977: Vladimir Nabokov, russisk-amerikansk forfattar