Tresfjord er ei bygd i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tresfjord var tidlegare og ein kommune. Bygdesenteret ligg på Sylte. Bygda er eit kjent turmål, og fjellet Lauparen (1434 moh.) trekkjer til seg fotturistar frå heile landsdelen.

Tresfjord kommune Kommunen var opphavleg (frå 1837) del av Vestnes formannskapsdistrikt. Han vart skilt ut som eiga eining med namnet Sylte kommune (uttale: Silté) frå 1. januar 1899. Han hadde då 1 408 innbyggjarar. 28. april 1922 vart kommunenamnet ved Kongeleg resolusjon endra frå Sylte til Tresfjord. 1. januar 1964 vart Tresfjord kommune slått saman med Vestnes kommune til den nye Vestnes kommune. Tresfjord hadde ved samanslåinga 1 319 innbyggjarar.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Sylte/Tresfjord kommune frå 1899 til 1964: 1.1.1899Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1910"Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Tresfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 1408 1282 1252 1171 1270 1317 1335 1319

Samfunn I Tresfjord finst ein liten karateklubb som har vist gode resultat nasjonalt. Spesielt Geir Magne Brastad har utmerkt seg med medaljar i så vel EM som US Open.

Tine meierier produserer ridderost ved meieriet i Tresfjord.Romsdals Budstikke: «Lys framtid for Ridderosten».

Konrad Nerheim var frå Tresfjord.

Sjå òg Bygda Tresfjord gjekk tidlegare inn under SSB sin definisjon av tettstad. Tettstader i Møre og Romsdal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tresfjord» frå , den 21. februar 2008. SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Møre og Romsdal»

Bakgrunnsstoff Tresfjord Historiske arkiv etter Vestnes kommune og Tresfjord kommune på Arkivportalen

Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Historie i Vestnes Kategori:Geografi i Vestnes Kategori:Norske kommunar skipa i 1899 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Utgåtte tettstader