mini|Lokala til Den norske forfattarforeining ligg i Rådhusgata 7 i Oslo, i eit av byens eldste hus. Den norske Forfatterforening (DnF) er ei foreining for norske skjønnlitterære forfattarar. DnF vart stifta i 1893. Foreininga har til formål å verne og fremje norsk litteratur og å take vare på dei faglege og økonomiske interessene til forfattarane. DnF driv òg internasjonalt solidaritetsarbeid for forfølgde forfattarar. I 2004 hadde foreininga 513 medlemer. Leiaren er frå mars 2012 forfattaren Sigmund Løvåsen.
Stipend og «Det litterære råd» Den norske Forfatterforening forvaltar ei rad stipend, finansierte av eigne eller statlege middel, for utdeling til medlemer og ikkje-medlemer. Det litterære råd har av ni medlemer og gjev innstilling i alle saker av litterær art og ved utdeling av stipend. Blant andre har Paal-Helge Haugen, Svein Jarvoll og Ann Kavli vore leiarar i rådet.
I 1952 meldte 29 forfattarar seg ut av Den norske Forfatterforening og danna Forfatterforeningen av 1952. Denne foreininga gjekk attende til DnF i 1966.
Formenn (Lista er ikkje fullstendig) 1894– Arne Garborg 1900–1903 Jacob Breda Bull 1910–1913 Hans Aanrud 1913–1916 Peter Egge 1919 Johan Bojer 1928–1933 Ronald Fangen 1934 Johan Bojer 1935 Peter Egge 1923-1928 Arnulf Øverland 1936-1940 Sigrid Undset 1940–1945 Alex Brinchmann 1946–1965 Hans Heiberg 1965–1971 Odd Bang-Hansen 1971–1975 Ebba Haslund 1975–1977 Bjørn Nilsen 1977–1981 Camilla Carlson 1982–1985 Johannes Heggland 1985–1987 Karsten Alnæs 1987–1991 Toril Brekke 1991–1997 Thorvald Steen 1997–1999 Inger Elisabeth Hansen 1999–2001 Karsten Alnæs 2001–2005 Geir Pollen 2005–2012 Anne Oterholm 2012-2017 Sigmund Løvåsen 2017– Heidi Marie Kriznik
Sjå òg Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening Forfatterforeningen av 1952 Nordnorsk Forfatterlag Den norske Forleggerforening
Referansar
Bakgrunnsstoff DnF si heimeside
Forfatterforeningen, Den norske Forfatterforeningen, Den norske Forfatterforeningen, Den norske