Odd-Bjørn Fure () var ein norsk historikar og statsvitar frå Stadtlandet. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918–1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie.

Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, vart Fure professor i moderne historie ved Universitetet i Bergen frå 1998 og fram til 2002 då han starta som forskingsdirektør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling («Holocaust-senteret»/«HL-senteret») i Noreg. Fure var spesialist på forsking på folkemord, samt moderne tysk og europeisk historie.

Fure var fram til 2004 redaktør av Historisk Tidsskrift, det tidsskriftet innan forsking på historievitenskap som har mest betydning i Noreg.

I 1997 var Fure med i Irving-debatten mot Hans Fredrik Dahl om kor vidt Holocaust-revisjonisten og nazisympatisøren David Irving sine bøker kunne nyttast som etterrettelege og faglege framstillingar av historia om den andre verdskrig.

Bibliografi Bøker

Artiklar - eit utval (Oria)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Søk etter publikasjonar av Odd-Bjørn Fure i biblioteksdatabasen BIBSYS Søk etter publikasjonar av Odd-Bjørn Fure i forskningsdokumentasjonssystemet FRIDA Portrettintervju i UiOs forskningsmagasin Apollon Intervju med Fure ifm. åpningen av Holocaust-senteret, Forskerforum 2003 Om Odd-Bjørn Fure i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Kategori:Døde i 2022 Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Forfattarar frå Selje Kategori:Folk frå Selje Kategori:Norske sakprosaforfattarar