Rîbnița (moldovisk kyrillisk og russisk Рыбница, Rybnitsa, ukrainsk Рибниця, Rybnitsja, polsk Rybnica) er ein by i Moldova og formelt ein bykommune (oraș) innanfor den autonome regionen Venstre breidd av Dnister i Moldova. Han er utanfor kontroll av moldovske styresmakter og blir styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria som ein del av distriktet Rîbnița og er hovudsete i distriktet.
Rîbnița vart grunnlagd i 1628. Byen voks raskt og alt i 1657 vart han nemnd i skriftlege kjelder som ein viktig by i Polen. Ein kan sjå spor etter vestleg kultur fleire stader i denne tidlegare polske byen. Som mange andre byar på denne sida av Dnistar var aldri Rîbnița ein historisk del av Moldova. I 1793 vart Rîbnița ein del av Det russiske keisardømet.
Det er bygd ei svær demning og eit reservoar nær byen.
Folketal Ved folketeljinga i 2004 var folketalet i den einaste busetnaden:
Folketal 2004 Rîbnița (Рыбница) 53 648
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Rîbnița» frå , den 5. februar 2008.
Referansar
Kategori:Mindre bykommunar i Moldova Kategori:Byar og tettstader i regionen Venstre breidd av Dnister Kategori:Mindre bykommunar i Transnistria Kategori:Byar og tettstader i distriktet Rîbnița