frame|Byane i Luxembourg merkte med farge mellom alle dei andre kommunane i landet. Det er tolv byar i Luxembourg, som fastsett i den luxembourgske grunnlova. Trass i at dei har status som byar er dei ikkje nødvendigvis samanhengande urbaniserte område. Dei er meir som dei andre kommunane, men har fått ein annan lovleg status. Historisk er dette byar som fekk byrettar, men byrettane i dag vert gjeve og regulerte ut frå lova.
I moderne tider vart dei første byrettane gjeve 24. februar 1843, då sju av åtte byar som tidlegare hadde hatt byrettar fekk statusen stadfesta (Clervaux vart ikkje verande by). Desse var Luxembourg by, Diekirch, Grevenmacher, Echternach, Wiltz, Vianden og Remich.
I over seksti år vart det ikkje lagt til fleire byar, men den store demografiske endringa på slutten av 1800-talet gjorde at ein måtte ha fleire endringar. Så 29. mai 1906 fekk òg Esch-sur-Alzette bystatus. Esch vart etterfølgd av Differdange, Dudelange, Ettelbruck og Rumelange 4. august 1907. Eit område i kommunen Hollerich fekk bystatus 7. april 1914 med namnet 'Hollerich-Bonnevoie', men han vart slått saman med Luxembourg by 26. mars 1920.
Namn Kanton Distrikt Areal (km²) Folketal (2005) Bystatus sidan center|50px Diekirch Dikrech Diekirch Diekirch 12,42 6 165 24. februar 1843 center|50px Differdange Déifferdeng Esch-sur-Alzette Luxembourg 22,18 19 005 4. august 1907 center|50px Dudelange Diddeleng Esch-sur-Alzette Luxembourg 21,38 17 618 4. august 1907 center|50px Echternach Iechternach Echternach Grevenmacher 20,49 4 507 24. februar 1843 center|50px Esch-sur-Alzette Esch-Uelzecht Esch-sur-Alzette Luxembourg 14,35 28 000 29. mai 1906 center|50px Ettelbruck Ettelbréck Diekirch Diekirch 15,18 7 364 4. august 1907 center|50px Grevenmacher Gréiwemaacher Grevenmacher Grevenmacher 16,48 3 966 24. februar 1843 center|50px Luxembourg City Lëtzebuerg Luxembourg Luxembourg 51,46 76 420 24. februar 1843 center|50px Remich Réimech Remich Grevenmacher 5,29 2 986 24. februar 1843 center|50px Rumelange Rëmeleng Esch-sur-Alzette Luxembourg 6,83 4 495 4. august 1907 center|50px Vianden Veianen Vianden Diekirch 9,67 1 561 24. februar 1843 center|50px Wiltz Wolz Wiltz Diekirch 19,37 4 587 24. februar 1843
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «List of cities in Luxembourg» frå , den 30. januar 2008.