Žeimena er ei elv i Aukštaitija aust i Litauen og ei av sideelvane til Neris frå høgre. Žeimena spring ut frå Labanorasskogen og innsjøen Žeimenys. Žeimena renn sørover og gjennom Kaltanėnai, Švenčionėliai og Pabradė. Ho munnar ut i Neris nær grensa mellom fylka Švenčionys og Vilniuss. Dei største sideelvane hennar er Lakaja, Saria, Mera, Kiauna, Luknelė og Jusinė.
Žeimena er ein av dei reinaste elvane i Litauen og ein av dei viktigaste lakseelvane i landet. Lengda til Žeimena er omdiskutert fordi ein ikkje er einige kor ho spring ut frå i Aukštaitija nasjonalpark. Området inneheld mange innsjøar som er bunde saman via forskjellige elvar og bekkar, så det er vanskeleg å seie kva for innsjø som er kjelde til kva elv. Tradisjonelt vert Žeimenys rekna som kjelda til Žeimena.
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Žeimena» frå , den 25. januar 2008.
Fotnotar
Zeimena