Borisoglebsk (russisk Борисогле́бск) er ein by i Voronezj oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vorona, nær munningen i Khopjor, rundt 200 km aust for Voronezj.
Borisoglebsk vart grunnlagt i 1698 og er kalla opp etter dei to russiske helgenane Boris og Gleb. Staden fekk bystatus i 1779.
Borisoglebsk flybase ligg 6 km aust for byen.
Kjende personar frå Borisoglebsk Ivan Fioletov – kjend bolsjeviksk revolusjonær
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1698