thumb|Linn T. Sunne med diplomet i 2012. Skolebibliotekarforeningens litteraturpris er ein skjønnlitterær pris oppretta i 1982. Prisen vert utdelt av Skolebibliotekarforeningen i Norge som ein honnør og ein stimulans til ein forfattar av norsk barne- og ungdomslitteratur. Prisen vert gjeve for eit samla forfattarskap eller delar av det. Prisen består av ein diplom og eit verk av ein norsk kunstnar.
Vinnarar 1982 – Beate Audum for Ser deg siden Donna og Paraplytreet 1983 – Philip Newth for samla forfattarskap 1984 – Zinken Hopp for samla forfattarskap 1985 – Jon Bing for barne- og ungdomsbøkene hans 1986 – Tor Åge Bringsværd for barne- og ungdomsbøkene hans 1987 – Torvald Sund for Første tørn på Havterna og øvrige barne- og ungdomsbøker 1988 – Mette Newth for Bortførelsen 1989 – Torill Thorstad Hauger for dei historiske romanane hennar for born og ungdom 1990 – Stig Holmås for Apacheindianerne 1991 – Ole Røsholdt for Solen som sloknet, Jakob Gjøgler og Den rette kongen 1992 – Erna Osland for Kryssord og Reisa til Maria 1993 – Jostein Gaarder for Kabalmysteriet, Sofies verden og Julemysteriet 1994 – Kjersti Scheen for det samla forfattarskapet, og spesielt Månefeen og Kaperøya 1995 – Torun Lian for Bare skyer beveger stjernene 1996 – Paul Leer-Salvesen for «Englebarn»-bøkene 1997 – Tormod Haugen for Georg og Gloria 1998 – Egil Hyldmo for Ulveboka 1999 – Bjørn Sortland for Raudt, blått og litt gult, Forteljinga om jakta på forteljinga og Å venta på regnbogen 2000 – Svein Nyhus for Verden har ingen hjørner 2001 – Finn Øglænd for Dei penaste jentene på TV 2002 – Thore Hansen for «Skogland»-serien 2003 – Hilde Hagerup for Løvetannsang 2004 – Eirik Newth for Sola, Månen, Stjernene, Planetene 2005 – Jon Ewo for Svart. Og cirka hvitt 2006 – Marit Nicolaysen for bøkene om Svein og rotta 2007 – Arne Svingen for barne- og ungdomsbøkene hans 2008 – Ingunn Aamodt for barne- og ungdomsbøkene hennar 2009 – Bjørn Arild Ersland for barne- og ungdomsbøkene hans 2010 – Endre Lund Eriksen for barne- og ungdomsbøkene hans 2011 – Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig for biletbøkene deira 2012 – Linn T. Sunne for barne- og ungdomsbøkene hennar 2013 - Lars Mæhle for barne- og ungdomsbøkene hans
Referansar
Bakgrunnsstoff Prisvinnarliste for litteraturprisen hjå Skolebibliotekarforeningen
Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1982 Kategori:1982 i Noreg