Atyrau (kasakhisk Атырау облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Han ligg vest i landet rundt nordaustkysten av Kaspihavet. Hovudstaden er Atyrau, som har 142 500 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 380 000 innbyggjarar. Med eit areal på 118 600 km² er han eit av dei minste oblasta i landet. Han grensar til Russland i nord i tillegg til den kasakhstanske oblasta Aktobe oblast, Mangystau oblast og Vest-Kasakhstan oblast. Ein stor del av provinsen ligg i den oljerike Kaspiske senkinga og på grunn av dette er det bort mange oljebrønnar i Tengizfeltet og oljerøyrleidningar går frå byen Atyrau til Groznij i Russland og vidare til Europa.

Byar Atyrau Kulsary Ganyusjkino Kotjajevka

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Atyrau Province» frå , den 16. januar 2008. oppgav desse kjeldene: National Geographic Atlas of the World, Eighth Edition.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oblast i Kasakhstan