78 Diana er ein stor og mørk hovudbelteasteroide. Samansetninga er karbonrik og primitiv. Asteroiden vart oppdaga av Robert Luther den 15. mars 1863 og namnsett etter Diana, gudinna for jakt i romersk mytologi. 78 Diana okkulterte ei stjerne den 4. september 1980. Ein diameter på 116 km vart målt, noko som passa bra med diameterverdien frå IRAS-satellitten.

Kjelder

Kategori:Asteroidar Kategori:C-type-asteroidar Kategori:Hovudbelteasteroidar