Eit kunstig språk er eit språk som, i motsetning til naturlege språk, har vorte medvite konstruerte av menneske. Det finst ulike sortar av kunstige språk: Hjelpespråk: Hjelpespråk er skapt for å gi så mykje forståing som mogeleg. Desse språk er oftast a posteriori. Artistiske språk: Desse språka er skapt av personlege grunnar, dei er oftest a priori, men kan òg vera a posteriori. Eksperimentelle språk: Desse språka er laga for å prøva ut nye teoriar innom språkvitskapen, t.d å prøva å konstruera heilt logiske språk, eller språk med så få ord som mogeleg. Dei eksperimentelle språka er vanlegvis a priori.

A posteriori er språk som har utgangspunkt i naturlege språk, mens språk som er a priori sakner eit slikt grunnlag, og er derfor heilt nyskapande.

Eksempel på kjende kunstige språk

Hjelpespråk Volapük, av J.M. Schleyer Esperanto, av L.L. Zamenhof Interlingua, av International Auxiliary Language Association

Artistiske språk Klingon, av Mark Okrand Quenya, av J.R.R. Tolkien Sindarin, av J.R.R. Tolkien Syldavisk, av Hergé

Eksperimentelle språk Universalspråket, av K.T.G. Keyser Lojban, av The logical language group Toki pona, av Sonja Elen Kisa