miniatyr|right|Tittelbladet til avhandlinga frå 1770 av János Sajnovics som viser at samisk er i slekt med ungarsk, Demonstratio idioma ungarorum et lapponum idem esse. Samisk språkhistorie er historia til dei samiske språka, frå tida då det finsk-samiske urspråket vart splitta i eit nordleg samisk og eit sørleg austersjøfinsk urspråk, for omtrent to og eit halvt tusen år sidan.

Den eldste språklege kjelda for noko samisk språk er frå 1557, men dei første samiske tekstane er sørsamiske, ei ABC-bok og ei messebok frå 1619. Dei samiske språka har endra seg relativt lite sidan dette, og vi reknar at moderne samisk tar til då. Språkhistoria fram til då baserer seg på metodar frå samanliknande språkforsking, og har som mål å rekonstruere urspråket samisk delte med dei austersjøfinske språka og utviklinga via ursamisk til dei samiske språka vi har i dag.

Det finsk-samiske urspråket

Det finsk-samiske urspråket vart snakka i den vestlege delen av det uralske språkområdet før uralarane kom i kontakt med baltiske og germanske jordbrukarar. Språket var i nær slekt med fleire språk i aust, merja, muroma som no er utdøydd, men som vi kjenner frå samtidige russiske kjelder, og dei mordvinske språka.

Frå det felles finsk-samiske urspråket til ursamisk

mini|Sørgrensa for det samiske språkområdet i Finland, etter T.I. Itkonen 1947

Ved byrjinga av tidsrekninga vår fekk den sørlege delen av det finsk-samiske urspråket kontakt med germanarar og baltarar. Dette går fram av ei rekkje lånord i uraustersjøfinsk som ikkje finst i samisk, kombinert med at dei to språka tar til å utvikle seg i ulike retningar. Som resultat av denne påverknaden migrerte talarar av ursamisk nordover, og kom i kontakt med talarar av eitt eller fleire språk som ikkje var i slekt med samisk. Spora etter desse språka er synlege i det samiske ordforrådet den dag i dag.Den mest systematiske framstillinga av det før-samiske substratet er Aikio 2004.

Dei samiske språka gjekk gjennom ei lang rekke både lydovergangar og grammatiske endringar i perioden frå ca. år 0 til år 1500.Ei kompakt og systematisk framstilling av desse lydovergangane er Korhonen 1988, ei anna er Sammallahti 1998. Det har vore færrast endringar i utkantane av språkområdet. I dei austsamiske språka er det fleire konsonantgrupper som har forsvunne i vestleg samisk, og i sørsamisk er bøyingsendingane betre bevart enn i dei andre språka. Sørsamisk har heller ikkje gått gjennom den grunnleggjande lydendringa stadieveksling, som er karakteristisk både for samiske språk lenger nord og aust, og for austersjøfinsk (unnateke det sørlege livisk, som også er meir konservativ på dette punktet).

Tidfestinga av oppsplittinga av det felles finsk-samiske urspråket i  uraustersjøfinsk og ursamisk til for 2000 år sidan er eit syn forskinga kom fram til på 1990-2000-talet, argumentert for framfor alt av Ante Aikio, Petri Kallio og , basert både på eiga forsking og på grunnarbeid utført av Jorma KoivulehtoFor ei samla framstilling, sjå Koivulehto 1999, eit tidleg arbeid er Koivulehto 1976.. Det tradisjonelle synet finn vi hos Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti. KorhonenJf. Korhonen 1981:27, 28ff, 47. tidfestar det samisk-finske urspråket (varhaiskantasuomi) til 1500-1000 f.Kr. og det samiske urspråket (kantasaame) til perioden 1000 f.Kr.-700 e.Kr. Sammallahti si periodisering er enno breiare, han sett den ursamiske perioden f.o.m. 1500 f.Kr.Sammallahti 1989, kap 1 og s. 122 Korhonen sitt argument for denne tidfestinga er likevel arkeologisk og ikkje språkvitskapleg, med unntak av tidfestinga hans av slutten av ursamisk tid, som han legg slutten av den urnordiske perioden. Det første arbeidet over samisk-germanske kontaktar var av Just Qvigstad, som konkluderte med at dei språklege låna berre gjekk attende til vikingetidaJf. Qvigstad 1893 s. 73: Ich glaube, dass man die nordischen Lehnwörter im Lappischen nicht auf eine ältere Sprachperiode als diejenige der Vikingerzeit zurückführen darf.. Forskinga har med andre ord på den eine sida funne eldre og eldre germanske, baltiske og indoiranske lånord i samisk, og på den andre sida flytta oppsplittinga av det finsk-samiske urspråket framover i tid.

Ursamisk

miniatyr|right|Kukkasjärvi aust for Tammerfors. Namnet kjem av eit samisk namn som betyr Langsjøen (jf. nords. guhkes, 'lang'), og viser at samisk tidlegare var utbreidd i dette området.

Ursamisk, eller det samiske urspråket er det urspråket som alle samiske språk stammar frå. Dette språket vart sannsynlegvis snakka i det sørlege og sørvestlege Finland og Karelen i tida rundt byrjinga av tidsrekninga vår. Området har gått så langt sør som til sør for Lahtis og Tammerfors sør i Finland.jf. Aikio, Saarikivi. T.I. Itkonen vurderer at sørgrensa for det samiske språkområdet gjekk sør for Tammerfors så seint som på 1200-talet, og at ho deretter har vorte flytt jamnt nordover i takt med den finske ekspansjonen nordover. Det som har skjedd har vore at finske jordbrukarar har flytta nordover, og at samane har vorte assimilert etter kvart som dei meir talrike jordbrukarane har flytta inn.For ei framstilling, sjå T.I. Itkonen 1948.

Eit prov på det har vi frå stadnamnsforskinga. Fleire sjøar i Sør-Finland heiter Kukkasjärvi, der førsteleddet minnar om ordet kukka, 'blome'. Men alle sjøane som heiter dette er langstrekte i forma, og namnet går attende til det samiske ordet for 'lang' (jf. nordsamisk guhkes 'lang').For ei drøfting av desse og andre samiske stadnamn i Sør-Finland, sjå Aikio Store delar av det samiske språkområdet vil vi neppe få meir kunnskap om, unnteken eventuell informasjon frå forsking på hydronym, stadnamn og liknande.

Oppsplittinga av ursamisk Det er to teoriar for oppsplittinga av ursamisk. Den eine, og tradisjonelle teorien, er at språkfamilien først vart delt i to, i vestsamisk (dvs. nordsamisk og vestover) og austsamisk (enaresamisk og austover, inkludert kemisamisk, som også var eit austsamisk språk). Den beste framstillinga av dette synet er Sammallahti 1989. Den andre teorien er at språkfamilien først vart delt i to ved ei todeling i **sørsamisk** i vid forstand (dvs. gävlesamisk, sørsamisk og umesamisk) på den eine sida og alle andre samiske språk på den andre. Argument for dette er gjeve av Jaakko Häkkinen og Minerva Piha (Häkkinen og Piha 2020, Piha og Häkkinen 2023).

Den tradisjonelle teorien legg vekt på lydmessige skilnader, særleg på utviklinga av ulike ursamiske lydsamband, som ursamisk š́ (palatal š) i lydsambanda š́t, š́k og š́n. Desse vart bevart i aust, mens š́ i desse konsonantsambanda gjekk over til jh i vest: for "foss, stryk" har vi goejhke i sørsamisk og guoika (bokstaven i blir uttalt j etter vokal) i nordsamisk, men kuoškâ i enaresamisk og кӯшшк (kuuššk) i kildinsamiskJf. Sammallahti 1998 kap. 1..

Andre sentrale språkdrag for dette synet er dissimilasjonen av mm, nn, ńń, ŋŋ, som i vest vart endra til pm, tn, tń, kŋ, t.d. nords. bátni "tann", enares. pääni, og skilnader i stadivekslinga. I aust er det ein kvalitativ stadieveksling av frikativar jf. nordsamisk bassat : basan skoltesamisk põõssâd : põõzzam "å vaske : eg vaskar". Vekslinga i aust er kvalitativ, frå ustemt til stemt (ss:zz), men i vest kvantitativ (ss:s)Jf. Korhonen 1981 s. 18).

Det nye synet på inndelinga av dei samiske språka legg vekt både på grammatiske og leksikalske trekk. Den sørlege gruppa er konservativ, og skil seg på mange måtar frå alle dei andre samiske språka:

mangel på stadieveksling i sør- og umesamisk bevaring av den uralske distinksjonen *-m/*-n mellom akkusativ og genitiv, og bevaringa av den opprinnelege vokalen i andrestavinga i ord på ur-finsk-samisk *-e (jf. sørsamisk giele, nordsamisk giella, finsk kieli).Jf. Häkkinen 2010 s. 9-10 Denne oppdelinga kan ha skjedd allereie frå tida då samisk vart snakka i sør-Finland. Til tidfestinga av oppsplittinga av dei samiske språka kan vi bruke lånord: Eit urgermansk lånord som nords. skálžu vs. skoltesamisk kāllǯ (frå urnordisk *skaljō. Sluttvokalen viser at lånet er frå før synkopetida (700-talet), og skilnaden k- i aust vs. sk- i vest viser at dei ursamisk må ha vorte delt opp i ulike språk allereie tidlegare.Jf. Aikio 2004 s. 25ff for ein diskusjon.

Moderne samisk miniatyr|Tittelblad for den førsta trykte boka på samisk, «ABC Book på Lappesko Tungomål». Boka er frå Sverige (1619).

Dei første oppteikningane av samisk er frå 1557John Abercromby: The earliest list of Russian Lapp words. In: Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja. Band 13, Nr. 2, 1895, S. 1 då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough,Baldwin, R. C. D. (2004). skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya.Rydving 2013. Lista vart offentleggjord i 1589 av Richard Hakluyt.Abercromby (1895) S. 1-8

Samisk vart skriftfesta i 1619, som det femte av dei uralske språka, etter ungarsk, komi, finsk og estisk. Dei samiske språka har endra seg relativt lite etter dei første samiske publikasjonane, og derfor kallar ein dei samiske språka frå 1619 og framover for moderne samisk.Jf. t.d. Korhonen 1988 s. 267: "Modern Lapp is reckoned from the date of the first Lapp text, 1619." Dei første tekstane var religiøse tekstar på umesamisk, gjevne ut i Sverige.

I Noreg kom dei første tekstane i form av Knud Leem sine ordbøker (1768) og grammatikk (1748) for nordsamisk. Språkforskaren Rasmus Rask reviderte Leem si rettskriving i 1832, og det er Rask sin måte å skrive på som har danna grunnlaget for dei seinare nordsamiske rettskrivingane, og til ein viss grad også for enare- og skoltesamisk. Ut over 1800-talet vart nordsamisk teke i bruk i konfirmasjonsundervisning og skoleverk med J.A. Friis si rettskriving, ei utvikling som kulminerte med utgjevinga av den nordsamiske bibelen i 1896. Tidsskriftet Nuorttanaste, som kom ut frå 1898 og i over 100 år framover, brukte rettskriving-normen frå 1896-utgåva av Bibelen.

I 1948 fekk nordsamisk for første gang ein ortografi som vart godkjend i to land, med Bergsland og Ruong sin ortografi for Noreg og Sverige.Ruong, Israel og Knut Bergsland 1947: Rettskrivning for det fellessamiske bokspråket. 1947. Oslo: Stensiltrykk. På grunn av den harde fornorskingspolitikken i perioden vart ortografien relativt lite brukt. Med gjennomføringa av ein ny samepolitikk spesielt i Noreg frå 1980-talet av vart den felles nordsamiske ortografien for Noreg, Sverige og Finland frå 1979Magga, Ole Henrik 1994 langt meir brukt.

Etter Alta-aksjonen og opprettinga av Sametinget fekk samisk offisiell status i fleire kommunar i dei samiske områda, jamfør oversynet over samiske kommunar.

Bibliografi Dette oversynet viser litteratur om samisk språkhistorie

Ressurssider Álgu - Ein database med oversyn over ordhistoria til det samiske og austersjøfinske ordforrådet. (på engelsk, tysk, samisk og finsk). Basen inneheld referanse til relevant primærlitteratur for alle orda. Det er mogleg å søke på oppslagsord på uralske og indoeuropeiske språk. Saami Linguistics Online: Ali og Jussi Ylikoski si side over tidlege samiske kjeldetekstar. Her er dei sentrale klassiske kjeldene til samisk språkforsking tilgjengelege.

Tida før moderne samisk

Aikio, Ante 2004 An essay on substrate studies and the origin of Saami, i Etymologie, Entlehnungen und Entwicklungen: Festschrift für Jorma Koivulehto zum 70. Geburtstag, Nyfilologiska föreningen, Helsinki. Aikio, Ante 2006: On Germanic-Saami contacts and Saami prehistory SUSA/JSFOu 91:9-55. Aikio, Ante 2007a Saamelaisajan paikannimistö Satakunnassa, i Satakunta XXV: Sata sanan juurta - Satakunnan vanhaa paikannimistöä, Satakunnan historiallinen seura, Pori. Aikio, Ante (2007b): The study of Saami substrate toponyms in Finland. – Ritva Liisa Pitkänen & Janne Saarikivi (redaktørar), The borrowing of place names in the Finno-Ugric languages. Onomastica Uralica 4. Debrecen – Helsinki.

Aikio, Ante 2012 An essay on Saami ethnolinguistic prehistory, i A Linguistic Map of Prehistoric Northern Europe, Suomalais-Ugrilainen Seura, Helsinki.