Castellammare di Stabia er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia og har om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved Napolibukta, om lag 30 km søraust for Napoli langs vegen til Sorrento

Historie Castellammare di Stabia ligg ved sidan av den antikke romerske byen Stabiae, som vart øydelagd av Vesuv i år 79 e.Kr. Borga som byen har fått namn frå vart truleg reist rundt 800-talet på ein åstopp på sørsida av Napolibukta. Ho vart ombygd under regjeringstida til Fredrik II av Hohenstaufen og utbygd av kong Karl I av Anjou.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Castellammare di Stabia» frå , den 17. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Campania Kategori:Byar i Italia