Provinsen Como (italiensk Provincia di Como) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Como. Han har eit areal på 1 288 km² og totalt 594 657 innbyggjarar i 2021. Det er 162 kommunar i provinsen.

Han grensar til kantonane Ticino og Graubünden i Sveits i nord, dei italienske provinsane Sondrio og Lecco i aust, provinsen Milano i sør og provinsen Varese i vest.

Andre store byar er Cantù, Erba, Mariano Comense og Olgiate Comasco. Campione d'Italia er òg ein del av provinsen og er ein enklave i Ticino i Sveits.

I 2005 er dei største kommunane i provinsen Como:

KommuneInnbyggjararComo83 144Cantù36 742Mariano Comense21 844Erba16 874Olgiate Comasco10 893Lurate Caccivio10 052Cermenate8 772Fino Mornasco8 748Turate8 389Lomazzo8 329Inverigo8 280Mozzate7 494Appiano Gentile7 236Cabiate7 100Cernobbio7 036

Dei bergamaskiske Alpane og nokre åsar dekkjer heile provinsen. Her ligg òg Comosjøen og byen Como er kjend som fødestaden til Alessandro Volta, oppfinnaren av batteriet i 1800.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of Como» frå , den 11. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Lombardia Kategori:Provinsar i Italia