Knut Jøran Helmers () var ein norsk sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk to gongar, i 1976 og 1977Brekke s. 106. Han vart også nordisk meister i sjakk i Reykjavik i 1981Brekke s. 118. Han vann junior-NM i sjakk i 1972, etter omkampBrekke s. 105.
Knut Jøran Helmers vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1978, som den sjette frå Noreg som klarte krava til denne tittelenBrekke s. 95.
Knut Jøran Helmers spelte i 5 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1976, 1978, 1980, 1982 og 1984. I 1980 og 1982 spelte han på 1. bord. I desse 5 turneringane spelte han til saman 52 parti, og skåra 30 poeng etter 15 sigrar, 30 remisar og 7 tap, 57,7 %Brekke s. 113.
Helmers har skrive sjakkspalta i Arbeiderbladet.
Knut Jøran Helmers la opp som aktiv turneringsspelar etter 1986.Norsk Sjakkblad nr 2-2004 s. 15
Knut Jøran Helmers har vore medlem i Oslo Schakselskap og Sjakklubben Stjernen.
Bøker Revansjen som glapp - Returmatchen Kasparov-Karpov 1986, Formatic A/S Fagbokforlag, 1986, ISBN 82-90431-00-7 Sjakkleksjoner med Simen Agdestein, 1987, ISBN 82-496-0064-9
Bakgrunnsstoff Eit intervju med Knut Jøran Helmers i Norsk Sjakkblad 2004 nr 2 side 15-17 Nokre av Knut Jøran Helmers sine parti på www.chessgames.com Knut Jøran Helmers sine parti i Noreg hos NorBase Knut Jøran Helmers sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE Leif Øgaard sitt minneord om Knut Jøran Helmers Sjakkfantomet sitt minneord om Knut Jøran Helmers
Kjelder Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
Fotnotar
Helmers, Knut Jøran Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Nordiske meistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk