mini|venstre|Isfontener på Enceladus Enceladus er den niande inste månen til Saturn og blei oppdaga av William Herschel i 1789. Overflata er veldig lys, og nesten 100 % av solstrålane blir reflekterte. Det gjer at månen er veldig kald, berre -201° C. Enceladus er det mest reflekterande objektet i solsystemet som er funne, han er au ein av dei få månane som har atmosfære. Dette blei oppdaga av Cassini-Huygens i mars 2005. Månen er ein av tre objekt i det ytre av solsystemet som er vulkansk aktive (i lag med jupitermånen Io og neptunmånen Triton), då han har isfontener på sørpolen som stadig sender ispartiklar kilometervis ut i verdsrommet. Desse isfontenene er opphavet til Saturns E-ring.
Undersøkingar gjorde av romsonden Cassini tyder på at Enceladus har eit verdsfemnande havCassini Finds Global Ocean in Saturn's Moon Enceladus - NASA, og at det kan vera varmekjelder med ein temperatur på minst 90 °C på botnen av dette havet.Spacecraft Data Suggest Saturn Moon's Ocean May Harbor Hydrothermal Activity - NASA
Kjelder
Bakgrunnsstoff Profil hjå NASA Solar System Exploration
Kategori:Saturnmånar Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1789