Provinsen Teramo (italiensk Provincia di Teramo) er ein provins i regionen Abruzzo i Italia. Hovudstaden er byen Teramo. Han har eit areal på 1 948 km² og totalt 296 063 innbyggjarar (2005). Det er 47 kommunar i provinsen. Teramo grensar til provinsen Ascoli Piceno i regionen Marche i nord, provinsen L'Aquila i sør og sørvest og til provinsen Rieti Lazio i vest. I sør ligg provinsen Pescara og i aust Adriahavet.
Geografi Landskapet i provinsen Teramo er dominert av Adriahavet i aust og Appenninane i vest. Provinsen er delt i nord go sør av åsar og dalar som går frå Appenninane og nesten ut til kysten. I tillegg til hovudstaden er dei viktigaste økonomiske sentera Roseto degli Abruzzi og Giulianova med innbyggjartal på litt over 20 000 kvar.
Toppane til Gran Sasso stig opp i vest, medan Monti della Laga dominerer grenseområda i nord. Den høgaste toppen i Gran Sasso er Corno Grande med ei høgd på 2 912 moh. Her ligg òg Calderonebreen, den sørlegaste isbreen i Europa. I motsetnad til det kuperte og isolerte Gran Sasso-området, har Monti della Laga tjukke skogar, djupe gjel og rullande sider og dalar med flotte fossefall.
Aust i provinsen ligg det sju strender, dei såkalla «sju søstrene», ved Adriahavet. Her finn ein feriestader med svært fin, kvit sand med mildt middelhavsklima, palmar, furuar og oleander.
Største kommunane Stand: 1. januar 2009 Kommune Ibuarar Teramo 55 015 Roseto degli Abruzzi 24 779 Giulianova 23 343 Martinsicuro 16 993 Silvi 15 622 Pineto 14 430 Alba Adriatica 12 174 Atri 11 326 Sant’Egidio alla Vibrata 9 675 Tortoreto 9 631 Mosciano Sant’Angelo 9 065 Montorio al Vomano 8 184 Campli 7 558 Castellalto 7 439 Bellante 7 295 Notaresco 6 979 Civitella del Tronto 5 459 Sant’Omero 5 444
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Teramo» frå , den 5. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Abruzzo