Olona er ei 131 km lang elv i Lombardia i Italia som renn gjennom provinsane Varese, Milano og Pavia. mini|venstre|Olona i Nerviano Olona har utspring frå seks kjelder. Tre kjelder renn ned Rasadalen og dei tre andre i Valganna dalen. Olona renn gjennom Olonadalen til Legnano. Vidare renn ho gjennom Milano og sørover før ho munnar ut i Po i San Zenone al Po.
Olona har 39 sideelvar og dei viktigaste av desse er Vellone, Bevera Varesino, Lanza (eller Gaggiolo), Rile-Tenore, Bozzente, Lura, Merlata og Mussa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olona» frå , den 23. november 2007.
Kategori:Po Kategori:Elvar i Italia Kategori:Lombardia
scn:Lona