Wikimedia Commons er eit Wikimedia-prosjekt som starta den 7. september 2004. Commons på engelsk tyder sams eller felles. Det kan òg visa til ei allmenning.
Commons er ei database med ulike filer, som bilete, videoar og lyd, som er heilt eller delvis frigjevne frå opphavsrettsvernet. Filene kan lastast ned av alle, men hovudmålet for prosjektet er at det skal kunna brukast av dei andre Wikimedia-prosjekta som til dømes Wikipedia, Wiktionary og Wikibooks.
Prosjektet prøver å vera internasjonal og språknøytralt. Det vil seia at dokumentasjonen skal omsetjast til så mange språk som råd, og at filene ikkje alltid blir skildra eller sorterte på engelsk.
Bakgrunnsstoff
Nynorsk hovudside på Commons Korleis ein brukar Wikimedia Commons Vegvisar for å lasta opp filer
Kategori:Wikimedia Kategori:Skipingar i 2004