Irland er tradisjonelt delt inn i fire provinsar, som under det gæliske styret erstatta det gamle systemet med túatha.
Dei fire provinsane er:
Provins Folketal Areal (km²) Tal på grevskap† Hovudstad Leinster 2 292 939 19 774 12 Dublin Munster 1 172 170 24 608 6 Cork Connacht 503 083 17 713 5 Galway Ulster 1 993 918‡ 24 481 9 Belfast † Talet på grevskap er tradisjonelle grevskap, ikkje dei administrative.‡ Folketalet for Ulster er summmen av grevskapa i Repulikken Irland etter folketeljinga i 2006 og det estimerte folketalet for Nord-Irland i 2006World Gazetteer, Nord-Irland Folketalet for dei andre provinsane er etter folketeljing i 2006.
Opphavleg var det fem provinsar, men Meath, som var ein liten provins, vart tidleg ein del av Leinster. Det irske ordet for provins, cúige, tyder 'femtedel', noko som reflekterer den opphavlege inndelinga. Ordet vert no ikkje berre nytta om dei fire provinsane på Irland, men òg om provinsar i andre land, så den opphavlege tydinga er erstatta av ei nyare.
Under stordomstida til Irland i mellomalderen var desse provinsane kongedøme med laust fastsette grenser. Grevskapa vart innført som administrative einingar etter normannarane sin okkupasjon på 1100-talet og provinsane vart gradvis mindre viktige. I moderne tid vert dei assosierte med visse fastsette grevskap, men provinsane har ikkje lenger nokon administrativ funksjon.
Ulster er delt mellom Republikken (tre grevskap) og Nord-Irland (seks grevskap).
Kjelder