Harald Eia () er ein norsk komikar, tekstforfattar og skodespelar. Han er kjent for ei rekkje humorprogram på NRK, i samarbeid med mellom andre Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen.
Eia gjekk på Valler VGS og jobba som avisbod i nokre år før han begynte ved Universitetet i Oslo. Han har filosofi mellomfag, matematikk og data grunnfag. Han leverte hovudoppgåva Lidende ledere og kompetente kalkulatører – næringslivsfolks symbolske kamper i sosiologi i 1992. Teatersportgruppa hans vart nordiske meistrar i 1994.
Hausten 2007 vart det kjent at Eia og kona hans, skodespelaren Anne Ryg, skulle skiljast.
TV-frammøte 1987 Diskuteket (Eia snakkar om å syngje på norsk) 1991 U (først som sosiolog, seinare som tekstforfattar og programleiar) 1994 Egentlig (tekstforfattar) 1994 U:natt 1995 Lillelørdag (med Bård Tufte Johansen og Marit Åslein) 1997 Sommeråpent (medverkande) 1998–99 og 2000–01 Åpen post (med Bård Tufte Johansen) 1999 Minner fra Lillelørdag 2000 Copacabana (innslagsregi) 2003 Uti vår hage (med Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen) 2004 Team Antonsen (med Atle Antonsen, Bård Tufte Johansen og Kristopher Schau) 2005 Tre brødre som ikke er brødre (med Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen) 2007 Videobloggeren Rubenmann 2008 Uti vår hage 2 (med Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen) 2010 Hjernevask. Debatten som følgde av programmet gjorde at Eia vart tildelt Fritt Ords honnør. 2010 Storbynatt (med Bård Tufte Johansen) 2012-2019: Brille (med Bård Tufte Johansen) 2015: Årsrevyen (med Bård Tufte Johansen) 2020: Sånn er Norge 2022: Kongen befaler
Anna Filmar 1993 Secondløitnanten 1996 Jakten på nyresteinen 2000 Detektor 2003 United 2011 Kong Curling
Radioprogram (utval) 1997 Herreavdelingen 2004–2005 Tazte priv 2017- Sånn er du (med Nils Brenna)
Dataspel 2008 LittleBigPlanetRollefigurar Oslolosen Thomas André Krøvel Vellevoll Lena Ingolf Breistrand Geir Olav Ødegård Khalid Iqbal Eivind Knutsgård
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harald Eia» frå , den 2. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør