mini|George Gordon Byron, 6th Baron Byron, i albansk drakt, måla av Thomas Phillips i 1813. George Gordon Byron (), kjend som Lord Byron, var ein engelsk forfattar under romantikken. Han var den sjette baron Byron.

Byron var fødd i London. Han var son av John «Mad Jack» Byron og den skotske arvingen Catherine Gordon av Gight. Faren hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap, Augusta. Faren forlét familien etter å ha brukt opp formuen til kona si; han døydde i Frankrike i 1791. Catherine og sonen busette seg i Aberdeen i 1790 der dei levde på det vesle ho endå hadde. Byron voks opp med ei ustabil mor og ei guvernante, May Gray, som mishandla han fysisk og, i følgje hint frå Byron sjølv, seksuelt.

Som tiåring arva George barontittelen og landeigedommen Newstead Abbey i Nottinghamshire i England. Denne eigedommen blei det meste leigd ut til andre medan han var ung. I august 1799 byrja Byron ved skulen til aberdeenaren William Glennie i Dulwich i London. Han gjekk også ved Aberdeen Grammar School. Frå 1801 til 1805 var han elev ved den ekslusive privatskulen Harrow. Han studerte ved Trinity College i Cambridge. Frå 1809 til 1811 drog han på ein Grand Tour, ei danningsreise i Europa. På grunn av Napoleonskrigane blei mesteparten av reisa lagt til middelhavslanda.

I ungdomstida hadde Byron fleire kjenslesterke tilhøve til gutar og jenter. Tilhøvet til den gifte Lady Caroline Lamb blei ein offentleg skandale. Seinare gjorde han kur til søster hennar, Anne Isabella Milbanke, og overtalte henne til å gifta seg med han i 1815. Dei fekk ei dotter, Augusta Ada (Lovelace), men ekteskapet var ikkje lukkeleg. I 1816 forlét Byron England etter ei skandaleomtala skilsmisse, og vendte sidan aldri tilbake.

Han besøkte Ali Pasha og skreiv om han i Childe Harolds pilegrimsferd. Han deltok i den greske sjøvstendekrigen i 1823, og døydde året etter av malaria i Mesolóngi. Han skreiv på sitt hovudverk, den store samfunnssatiren Don Juan i åra 1819-1824, men rakk ikkje å fullføre det.

Viktige verk mini|Tittelbladet til Childe Harold's Pilgimage-utgåva frå 1825/26. Dikt Childe Harold's Pilgrimage, 1812-18 The Giaour, 1813 The Corsair, 1814 Hebrew Melodies, 1815 Parisina, 1816 The Prisoner of Chillon, 1816 The Dream, 1816 Darkness , 1816 Beppo, 1818 Mazeppa , 1819 Don Juan, 1819-1823

Skodespel Manfred, 1817 Cain, 1821 The Two Foscari, 1821 Sardanapalus, 1821

Tidsskrift English Bards and Scotch Reviewers, 1809

Byron på norsk Childe Harolds pilgrimsferd. Første og annen sang; gjendikta av Geir Uthaug, 1995 Don Juan; canto I-XVII gjendiktet av Geir Uthaug, 2 bind, Bokvennen forlag, 2006-09 Childe Harolds pilgrimsferd. Geir Uthaugs komplette gjendiktning. Canto I-IV ; Bokvennen forlag, 2012 Byron i antologier og i utvalg Byron kvæde; ved Edvard Alme (parallell engelsk og norsk tekst), 1920 Sivfløiten. Dikte av E.B. Browning, Byron, Shelley, Tennyson; ved Karen Hanssen, 1930 Eldskrift. Dikt i utvalg av Lord Byron, 1977 Fyll mitt beger påny!, engelsk romantikk fra Burns til Byron i norske gjendiktninger fra Henrik Wergeland til idag. Redigert av Geir Uthaug. 1990 Engelsk romantikk. Redigert av Geir Uthaug. Lyrikkbokklubben, 2003. Ad Astra. Dikt og gjendiktninger av Geir Uthaug. Jubileumsbok. Bokvennen 2010.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lord Byron» frå , den 18. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske diktarar Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Romantiske diktarar