Tora Aasland () er ein norsk politikar (SV) og embetsmann. Frå 2007 til 2012 var ho statsråd i Kunnskapsdepartementet med ansvar for høgare utdanning og forsking.
Tora Aasland vart vald inn på Stortinget frå Akershus for valperiodane 1985-89 og 1989-93. Ho vart i 1991 utnemnd til Fylkesmann i Rogaland, med verknad frå 1993. Aasland var inntil ho vart statsråd i 2007, Noregs einaste fylkesmann med bakgrunn i SV.
Ho har hovudfag i sosiologi frå Universitetet i Oslo og har vore forskar ved Institutt for samfunnsforsking og generalsekretær i Norsk Faglitterær Forfatterforening frå 1983 til 1985. Som fylkesmann har ho delteke i mange offentlege utval. I 2005 vart ho utnemnd til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for den samfunnsnyttige innsatsen sin.
Stortingets presidentskap 10. oktober 1989 – 30. september 1993 Visepresident i Odelstinget
Stortingskomitéer 1985 – 1989 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1989 – 1993 medlem i Fullmaktskomitéen 1989 – 1993 medlem i Valkomitéen 1989 – 1993 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1989 – 1993 medlem i Energi- og industrikomitéen 1989 – 1993 medlem i Den førebuande fullmaktskomitéen
Nokre andre verv 1983 – 1987 Nestleiar i Sosialistisk Venstreparti Frå 1996 Styreleiar ved Arkeologisk museum i Stavanger 1998 – 2000 Medlem av Oppgavefordelingsutvalget 1998 – 2000 Nestleiar i Utvalet for høgre utdanning (Mjøs-utvalet) Visepresident i Noregs Røde Kors Frå 2006 nestleiar i International Research Institute of Stavanger Frå 2006 styreleiar i Språkrådet Frå 2006 styremedlem i Oslosenteret for fred og menneskerettar Frå 2007 Statsråd i Kunnskapsdepartementet i Jens Stoltenberg si andre regjering
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Portrettintervju i Jærbladet
Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Norske kunnskapsministrar Kategori:SV-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Fylkesmenn i Rogaland Kategori:Folk frå Skien