Dursey Island (irsk Baoi Bhéarra eller Oileán Baoi) er ei øy ved den sørvestlege enden av Bearahalvøya vest for County Cork i Republikken Irland. Øya er skild frå fastandet av eit smalt sund kalla Dursey Sound som har svært kraftige tidvasstraumar. Øya er forbunde til fastlandet via ei kabelvogn, den einaste kabelvogna i Europa som går over vatn. Kabelvogna er ein av dei største turistattraksjonane i området.
Øya er kjend for å ha store mengder med hekkande sjøfugl.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dursey Island» frå , den 13. oktober 2007.
Kategori:County Cork Kategori:Irske øyar