Carnsore Point (Carn tSóir på irsk) er eit nes heilt søraust i grevskapet Wexford på Irland.
Det er kjend for staden der ein planla å byggje eit atomkraftverk i 1970-åra. Den irske regjeringa prøvde å få gjennomført planane etter oljekrisa i 1973. Planen bestod av ein, og etter kvart fire, atomkraftverk, men planane vart fint lagt bort etter motstand frå miljøvernsgrupper.
To gratiskonsertar vart haldne ved Carnsore Point i 1978 og 1979. Med titlane «Get To The Point» og «Back To The Point» vart konsertane svært populære og førte spørsmålet om atomkraft i Irland fram til ålmenta.
Ironisk nok er Carnsore Point i dag staden der dei første vindmøllene på Irland står. Dei opna i 2002 og består av 14 møller på 850 kW, med ein total kapasitet på under 12 MW. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carnsore Point» frå , den 13. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff Handlingsplanen for atomenergi frå 1971 Carnsore: Kvifor Irland aldri fekk atomkraft Nyhende om vindmølleparken på Carnsore Pont Making the Point: minner frå den første festivalveka
Kategori:Wexford Kategori:Nes på Irland