Eldfell (utt. eld-fedl, tyder 'eldfjell') er ein om lag 200 meter høg sinderkjeglevulkan på den islandske øya Heimaey, som vart danna då eit vulkanutbrot overraskande byrja 23. januar 1973, like utanfor byen Heimaey.
Utbrotet utløyste ei alvorleg krise og førte nesten til ei permanent evakuering av øya. Vulkansk oske fall over mesteparten av øya og øydela mange hus. Ein straum av lava trua med å fylle igjen hamna, som var hovudinntektskjelda til øya via fiskeriflåten. Ein operasjon vart sett i gang for å kjøle ned lavaen ved å pumpe sjøvatn på toppen av han, noko som var vellukka og hindra lavaen frå å stenge hamna.
mini|Luftbilde av Heimaey frå 2009 med Eldfell til høgre.
Etter at utbrotet var over, brukte øyfolket varmen frå den sakte avkjølande lavaen til å produsere varmt vatn og generere elektrisitet. Dei brukte òg noko av tefraen, nedfall frå dei eksplosive utbrota, for å forlenge rullebanen på øya sin litle flyplass, og som fyllmateriale som dei bygde 200 nye hus på.
Bakgrunn
Island høyrer til ein region med hyppige vulkanske utbrot på grunn av plasseringa si midt på Den midtatlantiske ryggen, der den nordamerikanske plata og den eurasiatiske plata flyttar seg bort frå kvarandre, og plasseringa over den islandske søylestraummen, noko som drastisk aukar den vulkanske aktiviteten. Det er estimert at rundt ein tredjedel av all basaltisk lava frå vulkanutbrot i verda i historisk tid, har vorte produsert gjennom islandske utbrot.
Vestmannaeyjar ligg utanfor sørkysten av Island og består av fleire små øyar som alle er danna av vulkanutbrot i den holocenske tidsepoken. Heimaey, som er den største øya i øygruppa og den einaste busette, består òg av litt materiale frå den pleistocenske tida. Det mest synlege landskapstrekket på Heimaey før 1973, var Helgafell – ei 200 meter høg vulkankjegle som vart danna i eit utbrot for rundt 5 000 år sidan.
Øygruppa vart busett første gong rundt 874, opphavleg av rømte irske trælar som høyrte til vikingar på det islandske fastlandet. Desse busetjarane gav øygruppa namnet sitt – då Irland var vest for det skandinaviske fastlandet. Sjølv om øya har vore plaga av dårleg vassforsyning og sjørøvarverksemd gjennom mykje av historia si, har ho likevel vorte det viktigaste senteret for Island sin fiskeindustri, med ei av dei få gode hamnene på sørsida av landet, og med ei plassering midt på ein god fiskebanke.
Etter at området vart busett har det ikkje vore nokre kjende utbrot på øygruppa før i 1963, då øya Surtsey vart skapt gjennom eit nesten fire år langt utbrot som byrja i havet rundt 20 kilometer sørvest for Heimaey. Undersjøiske utbrot kan elles òg ha funne stad i 1637 og 1896. Forskarar har spekulert i om vulkansk aktivitet ved øygruppa kan ha auka på grunn av sørleg riftsonen som kryssar Island kan ha flytta seg sørover.
Utbrotet byrjar mini|Kart over Heimaey med dei nye kystlinjene vulkanutbrotet skapte. 21. januar 1973, ca. kl. 20.00, byrja ei rekkje med små jordskjelv i området rundt Heimaey. Skjelva var for svake til at dei kunne følast av folkesetnaden på Island, men ein seismisk stasjon 60 km unna registrerte over 100 større skjelv den 22. januar i tidsrommet 01.00–03.00. Skjelva heldt fram i mindre tal fram til kl. 11 same dag, då dei hadde eit opphald fram til kl. 23.00 om kvelden. Frå kl. 23.00 til 01.34 på morgonen 23. januar, vart det registrert sju skjelv, der det kraftigaste målte 2,7 på richterskalaen.
Små skjelv er ganske vanlege i forkastingssoner, og det var ingenting i desse målingane som varsla om eit større vulkanutbrot. Byrjinga av utbrotet var derfor nesten heilt uventa. Rundt kl. 01.55 om morgonen 23. januar, opna ei rivne opp på austsida av øya, knapt ein kilometer unna sentrum av byen Heimaey, rundt 200 meter aust for Kirkjubær, der kyrkja på øya ein gong stod.
Rivna spreidde seg raskt til ei lengde på to kilometer og strekte seg frå den eine breidda til den andre. Det var òg undervassaktivitet rett utanfor øya ved dei nordre og sørlege endane av sprekken. Spektakulære lavafontener kunne ein sjå langs heile sprekken, som nådde ei maksimal lengd på rundt tre km i løpet av dei første få timane av utbrotet. Men aktiviteten konsentrerte seg snart rundt ei opning rundt 800 meter nord for den gamle vulkanske kjegla frå Helgafell, og rett utanfor den austre utkanten av byen.
I den første tida av utbrotet vart mengda av lava og tefra som kom ut estimert til å vere rundt 100 m³ per sekund, og i løpet av dei to første dagane hadde lavafontenane bygd ei sinderkjegle som var over 100 meter høg. Namnet som opphavleg vart gjeve den nye vulkanen var Kirkjufell ('kyrkjefjell'), på grunn av at han låg nær Kirkjubær. Namnet vart ikkje teke opp av den islandske namngjevingskomiteen som heller valde Eldfell, trass i motstand hos dei lokale innbyggjarane.
Evakuering I dei første timane av utbrotet evakuerte det islandske sivilforsvaret heile folkesetnaden på Heimaey, noko det tidlegare hadde vorte utvikla evakueringsplanar for, i tilfelle noko slikt skulle skje. Evakueringa var nødvendig på grunn av at lavastraumane allereie flytta seg sakte men sikkert mot austdelen av byen, og heile øya var trua av sjansen for oskeregn.
På grunn av kraftig uvêr i dagane før utbrotet låg nesten heile fiskeflåten i hamn – eit heldig samantreff som i stor grad hjelpte til ved organiseringa av den hurtige evakueringa. Innbyggjarane vart varsla om situasjonen av brannbilar med sirener, og samla seg ved hamna med berre dei eigedelane dei var i stand til å bere med seg. Den første båten forlet øya rundt kl. 02.30, berre ein halvtime etter at utbrotet hadde starta.
Mesteparten av innbyggjarane forlet øya med båt. Heldigvis gjorde ikkje lavastraumane og tefraen i byrjinga noko skade på flystripa på øya, og nokre få personar som ikkje var i stand til å reise med båt, vart evakuert luftvegen – primært eldre menneske og pasientar ved sjukehuset. I løpet av seks timer etter at utbrotet starta, var nesten alle av dei 5 300 innbyggjarane på øya trygt på fastlandet. Nokre få personar var attende for å utføre viktige oppgåver og for å redde eigedelar frå hus som stod i fare for å verte slukt av lavastraumane. Kyr, hestar og sauer på øya vart naudslakta.
Hus vert øydelagde og nytt land vert skapt
mini|Fleire hus vart gravlagd av oske.
Hus som låg nær rivna vart snart øydelagde av lavastraumen og tefranedfall. Nokre få dagar etter at utbrotet hadde byrja, snudde vinden brått over til vestavind, noko som resulterte i omfattande nedfall av tefra over resten av øya, med påfølgjande store øydeleggingar på eigedomar. Mange hus vart øydelagde av vekta frå oska, men redningsmannskapa såvel som frivillige arbeidde jamnt med å fjerne oske frå hustak. Igjensnekring av vindauge redda ytterlegare hus. Ved slutten av februar dekte tefra det meste av øya og laget var enkelte stader opptil 5 meter tjukt. Bortsett frå fallande oske var det nokre hus som òg brann ned til grunnen etter å ha vorte trefte av lavabomber, eller stod direkte i vegen for dei framrykkande lavastraumane.
Tidleg i februar hadde det kraftige nedfallet av tefra minka, men lavastraumar byrja å skape alvorleg skade. Undersjøisk aktivitet rett nord for rivna hadde kutta over ein elektrisk kabel og ein vassleidning som forsynte øya med elektrisitet og vatn frå det islandske fastlandet. Lava byrja òg å strøyme inn i hamna, noko som skapte alvorleg uro då islandsk fiskeindustri ville verte påført alvorleg skade dersom hamna vart øydelagd. Sidan Heimaey stod for 25 % av Island sin totale fiskefangst, ville det få alvorlege følgjer for landet sin økonomi.
Straumar av lava rann òg ut i havet aust for øya, noko som skapte eit nytt landområde som til slutt auka arealet til Heimaey med over 2 km². Lavaen strøymde i tillegg inn i dei austlege delane av byen, noko som øydela fleire hundre hus. Lavastraumane bestod av den tjukke og blokktypen lava kalla aa-lava, og dekte bakken i ei gjennomsnittleg høgd på 40 meter, men var enkelte stader så tjukk som 100 meter. Seinare under utbrotet førte ei oppblussing til at ein fiskeforedlingsfabrikk vart øydelagd og to andre skada, og i tillegg vart byen sin einaste kraftstasjon heilt øydelagd.
Trass i at utbrotet låg nær byen og den omfattande øydelegginga av eigedom det medførte, var det berre eitt dødsfall som kunne tilskrivast utbrotet – ein mann som hadde brote seg inn på eit apotek for å stele medikament vart kvelt av dei giftige gassane. Karbondioksid og små mengder giftige gassar samla seg i mange bygningar som var delvis gravlagde av tefra, og fleire andre menneske vart påverka av gassane då dei gjekk inn i desse bygningane.
For å redusere faren for at giftige gassar skulle samle seg opp, vart det bygd ein stor vegg av tefra for å leie gassar vekk frå byen, i tillegg til graving av ei grøft for å leie vekk karbondioksid. Desse forsvarsverka var berre delvis vellukka, då dei baserte seg på den føresetnaden at gassane vart produsert ved vulkanopninga og flytta seg mot byen derfrå. Ein meiner at i alle fall noko av CO&sub2;en hadde opphav djupt inne i den vulkanske åra, og seiv gjennom eldre vulkansk stein direkte inn i byen.
Tiltak for å avkjøle lavastraumen
mini|Damp stig til vers der sjøvatn vert brukt til å avkjøle lavastraumen.
Sjansen for at lavastraumen kunne stenge ned hamna var den største trusselen som innbyggjarane stod overfor. Ein mogeleg plan som vart vurdert dersom hamna vart stengd av, var å lage ein kanal gjennom ei låg sandtunge på nordsida av øya for å lage ei ny opning inn i hamna, men det vart spekulert i at dette ikkje ville verte nødvendig dersom farten på lavastraumen kunne reduserast. Straumar av lava hadde tidlegare vorte bremsa på Hawaii og på Etna ved å pøse på med vatn, men i desse tilfella hadde det vore i svært liten skala, og med varierande hell. Elles rekna Páll Zóphóníasson at det burde vere relativt enkelt å størkne lavastraumane ved å pøse på med rikelege mengder sjøvatn.
Det første forsøket på å bremse straumen av lava ved å spyle framkanten med sjøvatn, byrja den 7. februar, og sjølv om vassvolumet var relativt lite med 100 l/sekund, hadde det merkbar verknad. Vassavkjølinga av lavaen gjekk sakte, men oppnådde maksimal effekt sidan nesten alt vatnet vart omdanna til damp. Straks effekten av avkjølinga hadde vist seg, auka innsatsen med å bremse og til slutt stanse straumen av lava.
Tidleg i mars vart pumpekapasiteten auka då ein stor klump av krateret brotna laus frå toppen av Eldfell og sakte glei på toppen av lavastraumen nedover mot hamna. Klumpen, som fekk namnet Flakkarinn ('Vandraren'), ville ha utgjort ein alvorleg trussel mot hamna dersom han hadde nådd heilt ned, og oppmudringsbåten «Sandey» vart henta inn den 1. mars for å hindre dette. Professor Sigurgeirsson gav råd til pumpemannskapa om korleis dei best kunne bremse lavastraumen på den mest effektive måten. Omsider delte klumpen seg i to mindre bitar som begge stoppa rundt 100 meter frå hamnemunningen.
Den påfølgjande lavakjøleaksjonen var det mest ambisiøse som nokonsinne hadde vorte sett i verk. «Sandey» hadde kapasitet til å sprute opp til 400 liter sjøvatn per time på den framrykkande lavastraumen, og eit røyrsystem vart lagt på toppen av lavaen for å fordele sjøvatnet over eit så stort område som mogeleg. Støtteverk i tre for røyrsystemet tok fyr der lavaen var på sitt varmaste, og sjølv aluminiumsstøtteverk smelta. Sjølve røyra vart elles hindra frå å smelte av det kalde sjøvatnet som rann gjennom dei. Opp mot 1,2 hektar av lavastraumen kunne med dette kjølast ned samstundes med det resultat at interne barrierar vart skapt direkte inne i lavastraumen, som størkna og hopa seg saman oppå seg sjølv.
mini|venstre|Størkna lava inne i byen, nesten 4 månader etter at han slutta å flytte seg.