Öxarfjörður er ein brei fjord nordaust på Island mellom nesa Tjörnes og Melrakkaslétta.

mini|venstre|Frå Öxarfjörður

Öxarfjörður er omkrinsa av fjellkjede i vest og i aust og lavasletta Gjástykki i sør. Den einaste tettstaden i området er Kópasker med om lag 170 innbyggjarar. Den midtatlantiske ryggen går gjennom dei vestlege delane av fjorden før han går under vatn igjen.

I tidlegare tider gjekk fjorden lenger inn i landet men sandavleiringar frå breelva Jökulsá har danna eit platå på 300 km² kalla Sandur.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Öxarfjörður» frå , den 30. september 2007.

Kategori:Fjordar på Island