Norfolk er eit lågtliggande grevskap i Aust-England. Det grensar til Lincolnshire i vest, Cambridgeshire i vest og sørvest og Suffolk i sør. I nord og aust ligg kysten av Nordsjøen, mellom anna The Wash. Norfolk er det femte største seremonielle grevskapet med eit areal på 5371 km².

mini|venstre|Herskapshuset Voewood i Norfolk er bygd i flint, sandstein og murstein. Av 34 ikkje-metropolitanske engelske grevskap er Norfolk den sjuande mest folkerike i England med 850 000 innbyggjarar. Området er stort sett landleg og har derfor låg folketettleik.

38 % av innbyggjarane grevskapet bur i Norwich, Great Yarmouth og King's Lynn.Norfolk Government Statistics The Broads er eit nettverk av elvar og innsjøar, og ligg på austskysten av grevskapet ved grensa til Suffolk. Området har status som nasjonalpark. Historiske stader som sentrum av Norwich medverkar òg til turisme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Norfolk» frå , den 28. november 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Norfolk grevskapsråd Offisiell turistside Bilete i Norfolk Kyrkjer i Norfolk

Kategori:Grevskap i England