mini|Lou Barlow Louis Knox Barlow () er ein amerikansk musikar som blir sett på som ein av dei mest innverknadsrike songskrivarane på 90-talet. Han var ein av pionerane i lo-fi-stilen som nett hadde vakse fram, der ein tok opp musikken på ein 4-spors opptakar.
Lou Barlow blei fødd i Daytoni Ohio, men voks opp i Jackson i Michigan og Westfield i Massachusetts. Han starta musikkarriera i hardcore-punk-bandet Deep Wound med J Mascis. I 1983 starta dei to Dinosaur Jr., etter å ha gått lei av hardcore. Men forholdet mellom dei to førte til at Barlow forlet bandet etter utgjevinga av Bug i 1989.
Etter 1989 konsentrerte Barlow seg om sideprosjektet sitt, Sebadoh, og seinare starta han Folk Implosion med John Davies. Gjennom arbeidet med desse banda blei han ein helt i indie rock-miljøet, og fekk også ein topp 40-hit (i USA) - songen «Natural One», med Folk Implosion. Han spelte også inn eit album med den belgiske musikaren Rudy Trouvé.
Han vart med Dinosaur Jr. igjen i 2005, for ein verdsturne, og for å fronte dei tre albuma han gav ut med bandet som har blitt gjevne ut på nytt.
Diskografi Lou Barlow and his Sentridoh (1995) Subsonic 6 (2000) Emoh (2005)
Kompilasjonar Winning Losers: A Collection of Home Recordings (1994) Lou Barlow and Friends: Another Collection of Home Recordings (1995)
Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:Folk frå Michigan Kategori:Folk frå Massachusetts