Véria (gresk Βέροια), òg skrive Veroia, er hovudsete i kommunen med same namn og hovudstad i periferieininga Imathía i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Byen er òg sete for eit bispedøme i den gresk-ortodokse kyrkja.

Historie Véria ligg same stad som den antikke byen Berøa (òg kalla Berea eller Beroea), som var viktig på 300-talet fvt. og som var ein del av Kongedømet Makedonia. Som ein del av Romarriket frå 168 fvt. talte Paulus og Silas her i år 54 eller 55 evt. Diocletian gjorde den store og folkerike byen til ein av to hovudstadar i den romerske provinsen og vart ein av dei første byane som vart sete for ein biskop. Byen vart invadert av slavarar og erobra av Det osmanske riket i 1361, som gav han namnet Kara Ferye. Han vart ein del av Hellas igjen i 1912 etter den første balkankrigen.

Véria hadde ein ganske stor jødisk fellesskap i det 1. hundreåret evt. Paulus trekte seg tilbake til Véria med Silas og Timoteus frå jødisk forfølging i Thessaloníki. Då forfølgjarane følgde etter han trekte han til sjøs og reiste til Aten (Apg 17:10-15). Jødane i Véria var derimot meir villige til å lytte til Paulus enn i Thessaloníki, og ein av dei, Sopater eller Sosipater, vart ein av følgjesveinane til Paulus.

Klima Véria har ofte kalde og våte vintrar og tørre og varme somrar. Sommaren 2007 fekk Véria ein av dei høgaste temperaturane ein nokon gong har målt her med 44 °C.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Maks. [°C] 7 9 10 16 19 29 29 24 19 16 12 5 Min. [°C] 3 6 8 11 16 19 17 14 12 10 8 4 Varmerekordar [°C] 20 22 25 31 36 44 42 39 36 32 27 26

Administrativ inndeling thumb|180px|left|Kart over kommunaleiningane i kommunen Véria. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Véria, no kommunaleininga Véria Frå 2011 omfattar kommunen Véria òg dei tidlegare kommunane Verjína, Makedonída, Dovrás og Apóstolos Pávlos. Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 62 655 innbyggjarar, medan kommunaleininga Véria hadde 46 976 og tettstaden med same namn 42 508 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Véria Véria 43 158 42 508 Makrokhóri Apóstolos Pávlos 5 189 4 870 Ájos Jeórjos Dovrás 1 763 1 474 Patrída Dovrás 1 492 1 314 Diavatós Apóstolos Pávlos 1 276 1 096 Verjína Verjína 1 242 1 096 Ajía Varvára Véria 896 991 Kouloúra Apóstolos Pávlos 992 941 Palatítsia Verjína 834 734 Ajía Marína Dovrás 864 698 Rizómata Makedonída 816 632 Rákhi Véria 610 616 Néa Nikomídia Apóstolos Pávlos 801 607 Asómata Véria 607 551 Trílofo Dovrás 615 522 Tripótamos Véria 533 480 Mési Véria 568 407

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)

Kjelde

Veria Veria Veria Veria Veria