Iráklio (gresk Ηράκλειο), eldre former Heraklion og Irakleio, er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.
Iráklio er delt inn i tre delar, Paleó (gamle), Néo (nye) og Áno (øvre) Iráklio. I perioden under Det osmanske riket til den greske sjølvstendekrigen vart byen kalla Arakli.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men i 1920-åra vart det derimot urbanisert og industribygningar erstatta gardane. I dag er stort sett heile området bustadar. Ein kan sjå Párnitha herifrå og Pendéli i nordaust.
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Irakleio» frå , den 13. april 2023.
Bakgrunnsstoff
Iraklio Iraklio Iraklio