Nordisk råd er eit samarbeidsorgan for dei nordiske landa som blei danna i 1952. Dei som sit i rådet er folkerepresentantar frå parlamenta i dei ulike landa. Noreg, Sverige, Danmark og Finland har 20 medlem kvar, dei danske sjølvstyrte områda Færøyane og Grønland har 2 representanter kvar, og Island har 7. Nordisk råd har allmøte ein gong kvart år, om hausten. Sekretariatet sit til vanleg i København. I tillegg til allmennmøtet har parlamentarikarane temamøte.
Nordisk råd deler kvart år ut ein litteraturpris. I tillegg har Nordisk råds filmpris vorte delt ut av rådet åtte gonger sidan 2002.
I 1971 blei Nordisk ministerråd danna. Dette er eit samarbeidsorgan for regjeringane i dei nordiske landa.
Medlemsland (20 representanter) (20 representanter) (20 representanter) (20 representanter) (7 representanter)
Sjølvstyrte område: (2 representanter) (2 representanter)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norden Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Skipingar i 1952