Periferieininga Lakonía (gresk Περιφερειακή ενότητα Λακωνίας, Periferiakí enótita Lakonías) er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes. Hovudstaden i periferieininga er Spárti. Andre byar og landsbyar er Areópoli, Jýthio, Molái, Monemvasiá, Mystrás, Neápoli og Sellasía. Her ligg Kapp Maléa, Kapp Ténaro og ein stor del av Mánihalvøya.
Vest for Taýjetosfjella ligg Messinía, nord for Párnonasfjella ligg Arkadía, Myrtóohavet ligg i aust og Lakoníabukta og Middelhavet i sør. Øyane Kýthira og Andikýthira ligg i sør, men dei høyrer administrativt til periferieininga Øyane i Attikí.
Geografi Evrótas er den lengste elva i prefekturet. Evrótasdalen er hovudsakleg eit jordbruksområde, med mange sitrus- og olivenlundar, enger og mest av alt appelsiner.
Taýjetos på 2 407 moh, kjend som Pendedáktylos (fem fingrar) gjennom mellomalderen, ligg vest for Spárti og Evrótasdalen. Det er det høgaste fjellet i Lakonía og på Peloponnes. Det andre store fjellet er Párnonas på 1 961 moh som ligg i aust.
Den kjende stalaktittgrotta Diroú ligg i sørvest, sør for Areópoli, og er ein stor turistattraksjon.
Klima Området har varme somrar og milde vintrar, men i fjella, og særleg på Taýjetos, er det vanleg med snø om vinteren.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Lakonía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Lakonía Spárti Spárti 231 00 Therápnes 231 00 Karyés 230 67 Mystrás 231 00 Inoúndas 230 64 Péllana 230 59 Fáris 230 54 Evrótas Skála 230 51 Jerónthres 230 58 Élos 230 55 Krokeés 230 57 Niáta 230 60 Monemvasiá Monemvasiá 230 70 Asopós 230 56 Viés 230 53 Zárakas 230 68 Molái 230 52 Elafónisos Elafónisos 230 53 Aust-Máni Aust-Máni 230 66 Jýthio 232 00 Ítylo 230 62 Smýnos 230 61
Historie
I antikken utgjorde området store delar av staten Sparta (Spárti). Lakonía var i krig med Kongedømet Makedonia og hadde mange slag mot dei. Etter kvart vart dei derimot ein del av Romarriket, og i mellomalderen ein del av Austromarriket. Etter krosstoga låg despotatet Morea her. Lakonía vart så ein del av Det osmanske riket, men Mánihalvøya var i praksis sjølvstyrt. Lakonía vart frigjort etter den greske sjølvstendekrigen i 1821 og Spárti vart vald som hovudstad i det nye prefekturet. Økonomien og jordbruket blømde gjennom 1800-talet. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen byrja folketalet å gå noko nedover, då folk flytta frå landsbyane til større greske byar lenger nord eller til utlandet.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Spárti Spárti 16 239 16 782 Jýthio Aust-Máni 4 279 4 070 Molái Monemvasiá 2 534 2 850 Skála Evrótas 3 067 2 816 Neápoli Monemvasiá 3 090 2 715 Vlakhiótis Evrótas 2 080 1 989 Papadiánika Monemvasiá 1 657 1 737 Magoúla Spárti 1 415 1 477 Jéfyra Monemvasiá 1 299 1 441 Káto Glykóvrysi Evrótas 1 485 1 375 Asopós Monemvasiá 1 023 1 195 Jeráki Evrótas 1 244 1 181 Krokeés Evrótas 1 137 979 Xirokámbi Spárti 963 868 Areópoli Aust-Máni 888 805
Referansar
Bakgrunnsstoff Bilete av Lakonía Kart over Lakonía Bilete av Máni, Lakonía
Kjelde
Lakonia
Lakonia Lakonia