Den greske sjølvstendekrigen (1821–1829), òg kalla Den greske revolusjonen (gresk Ελληνική Επανάσταση Elliniki Epanastasi; osmansk يؤنان ئسياني Yunan İsyanı), var ein krig grekarane starta for å få tilbake sjølvstende for Hellas frå Det osmanske riket. Etter ein lang og blodig krig, og med hjelp frå Stormaktene, fekk Hellas endeleg sjølvstende i Konstantinopeltrakten i juli 1832. Grekarane vart dermed det første folket underlagt Det osmanske riket som fekk sjølvstende. Sjølvstendedagen 25. mars 1821 er Hellas sin nasjonaldag.
Sjå òg Dei greske borgarkrigane 1823–1825
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Greek War of Independence» frå , den 5. september 2007.
Greske sjølvstendekrigen Greske sjølvstendekrigen Greske sjølvstendekrigen Kategori:Konfliktar i 1820-åra Kategori:Krigføring på 1800-talet