Samiske kommunar er kommunar i Noreg, Finland, Sverige og Russland der eitt eller fleire samiske språk har ein offisiell status.

mini|300px|Tradisjonelle grenser for dei samiske språkregionane: 1. Sørsamisk, 2. Umesamisk, 3. Pitesamisk, 4. Lulesamisk, 5. Nordsamisk, 6. Skoltesamisk, 7. Enaresamisk, 8. Kildinsamisk, 9. Tersamisk. Mørkare område representerer kommunar der samisk er eit offisielt språk. På norsk side manglar kommunane Hamarøy, Hattfjelldal, Røros, Røyrvik og Tjeldsund på dette kartet.

Desse kommunane er:

Finland

I Finland høyrer desse kommunane med i det samiske forvaltningsområdet:

Enontekiö (nordsamisk) Inari (nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk) Sodankylä (nordsamisk) Utsjoki (nordsamisk)

Sverige

mini|300px|Kart over alle kommunar i Noreg, Sverige og Finland som høyrer til under det samiske forvaltningsområdet i desse tre landa. På norsk side manglar kommunane Hamarøy, Hattfjelldal, Røros, Saltdal og Tjeldsund på dette kartet.

I det opphavlege samiske forvaltingsområdet var det fire kommunar, Arjeplog, Jokkmokk, Gällivare og Kiruna. Sidan har det vore fire utvidingar av forvaltingsområdet, hhv. i 2010, 2012, 2018 og 2019. Med den siste utvidinga 1. januar 2024 utgjer forvaltingsområdet for dei samiske språka no 26 kommunar. Lova presiserer ikkje kva samisk(e) språk som er offisielt språk innanfor kvar kommune.

Arjeplog (lulesamisk) Arvidsjaur Berg Dorotea (2012) Gällivare (nordsamisk) Härjedalen Jokkmokk (lulesamisk, nordsamisk) Kiruna (nordsamisk) Krokom (sørsamisk) Luleå (2018) Lycksele Malå Sorsele Skellefteå (2024) Stockholm (2019) Storuman Strömsund Sundsvall (2018) Umeå Vilhelmina Vindeln (2019) Åre Åsele (2018) Älvdalen Örnsköldsvik (2019) Östersund

Noreg

Det samiske forvaltningsområdet i Noreg

I det opphavlege forvaltningsområdet for samisk språk frå 1.1.1992 var det berre seks kommunar, alle frå nordsamisk område, fem i Finnmark og éin (Kåfjord) i Troms.I lovframlegget frå 21.12.1990 var berre dei 5 Finnmarkskommunane med, men Stortinget la til Kåfjord i vedtaket om opprettinga av forvaltingsområdet, som vart gjort gjeldande frå 1.1.1992. I dag består forvaltningsområdet av 14 kommunar. Kommunane er delt inn i tre kommunekategorier kalla språkstimuleringskommunar, språkvitaliseringskommunar og språkutviklingskommunar. Skilnaden mellom dei tre kategoriane er gjort greie for av Kultur- og distriktsdepartementetDet samiske forvalningsområdet og fordeling av kommunar er gjort i ei eiga forskrift:

Pliktene til forvaltningskommunane går fram av Samelova. For alle forvaltningskommunane skal kunngjeringar, skjema og forskrifteer vere tilgjengelege både på samisk og norsk (§3-2). Kommunen skal i lag med fylkeskommunen drøfte korleis dei kan styrke samisk språk i planarbeidet sitt (§3-13), og tilsette i offentlege organ har rett til permisjon med lønn for å skaffe seg kunnskap viss organet treng det (§3-7).

I tillegg har kommunane i kvar av dei tre ulike kategoriane ulike plikter, som vist nedanfor. Alle pliktene i førre kategori gjeld også for kommunane i neste kategori på lista. Språkstimuleringskommunar

Dette er det lågaste nivået. Disse kommunene skal sørge for et samisk språk- og kulturtilbud til barn, unge og eldre (Samelova § 3-10). I denne kategorien er det ein kommune (frå 1.1.2026):

Saltdal (pitesamisk) Språkvitaliseringskommunar

For språkvitaliseringskommunar gjeld det at den som vender seg munnleg eller skriftleg på samisk til organa i kommunen, har rett til svar på samisk (§ 3-3). Den som ønskjer å bruke samisk ovafor offentlege helse- og omsorgsinstitusjonar har rett til å bli betent på samisk (§ 3-5).

Følgjande kommunar er språkvitaliseringskommunar:

Hamarøy (lulesamisk, frå 1.1.2020) Hattfjelldal (sørsamisk, frå 1.7.2017)Kommunal- og moderniseringsdepartementet Kåfjord (nordsamisk, frå 1.1.1992)Digitaliseringsdirektoratet Lavangen (nordsamisk, frå 1.1.2009) Porsanger (nordsamisk, frå 1.1.1992) Røros (sørsamisk, frå 1.7.2018) Røyrvik (sørsamisk, frå 1.1.2013) Snåsa (sørsamisk, frå 1.1.2008) Tjeldsund (nordsamisk, frå 1.7.2020)

Språkutviklingskommunar

I språkutviklingskommunar er retten til munnleg svar ein rett til samtidig munnleg svar, dvs. at dat i kommunen skal vere samiskspråklege sakshandsamarar. Samisk skal i desse kommunane vere likestilt med norsk i den interne kommunale administrasjonen og i kommunestyret. Kommunestyret kan bestemme at samisk også skal vere likestilt med norsk i andre folkevalde organ.

Følgjande kommunar er språkutviklingskommunar:

Karasjok (nordsamisk, frå 1.1.1992) Kautokeino (nordsamisk, frå 1.1.1992) Nesseby (nordsamisk, frå 1.1.1992) Tana (nordsamisk, frå 1.1.1992)

I alle andre kommunar (også utanfor forvaltningsområdet) kan kommunestyret bestemme at samisk skal vere likestilt med norsk i heile eller delar av den interne kommunale administrasjonen og i dei fleste folkevalde organ (§ 3-9).

Tidlegare og potensielt nye samiske kommunar

Tysfjord (lulesamisk, frå 1.1.2006 til 31.12.2019) er frå 2020 delt i to, og inngår i dag i høvesvis nye Hamarøy og Narvik kommunar. Nye Hamarøy kommune vart med dette innlemma i språkforvaltningsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.

Bodø vedtok i bystyret 9.12.2021 å søka innlemming i forvaltningsområdet for samisk språk. Det er uklart om søknaden er send, og ev. når det vil verta gjort vedtak om innlemming av Kongen i Statsråd. Det litt spesielle med Bodø sin situasjon er at kommunen strekkjer seg over to samiske språkområde, lulesamisk og pitesamisk, og kommunen ønskjer derfor å søkja innlemming for begge språka. Bodø vil i så fall verta den fyrste samiske kommunen med to offisielle samiske språk, den andre lulesamiske kommunen (etter Hamarøy).

Russland Lovozerskij rajon (kildinsamisk er skulespråk, men ikkje administrasjonsspråk)

Sjå også

Samiske område i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Noreg Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler. Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartmenetet 2014

Sverige Minoritetsreformen och samerna Lag (2009:724) om nationella minoriteter och minoritetsspråk