mini|Numedalslågen. Mykstufoss ved Veggli i Numedal. Numedal eller Numedalen (lokalt ofte uttala Nomedal), er ein av dei tre sentrale dalane i Buskerud fylke. Dalen kan reknast frå Rødberg eller frå Tunhovdfjorden, og strekkjer seg ned til Flesberg. Dalføret etter Kongsberg ut mot Larvik er oftast kalla Lågendalen. Numedalslågen er hovudåra i dalen.
Numedal tel kommunane Nore og Uvdal, Rollag, og Flesberg. Administrativt høyrer òg Kongsberg til, som tidlegare var Øvre Sandsvær. Bygdene i dalen, rekna nedetter, er Rødberg, Veggli, Rollag, Svene, Lampeland og Flesberg.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Geografi i Nore og Uvdal Kategori:Geografi i Rollag Kategori:Geografi i Flesberg Kategori:Geografi i Kongsberg Kategori:Dalar i Buskerud Kategori:Dalføre i Noreg Kategori:Distrikt i Noreg