MS «Midnatsol» er eit av elleve skip som går i trafikk for Hurtigruta langs norskekysten mellom Kirkenes og Bergen. MS Midnatsol vart sett i drift i mai 2003.
Skipet har fleire restaurantar og konferansesalar, i tillegg til eit bibliotek. Det har dessutan to utandørs boblebad på dekk 9. MS «Midnatsol» er sertifisert for 1000 passasjerar i passasjertrafikk, og 650 passasjerar i cruisetrafikk. Det er systerskipet til MS «Trollfjord».
Skipet vart del av HX (Hurtigruten Expeditions) i 2021, og segla under namnet MS «Maud». Det vart tilbakeført til Hurtigruten under det gamle namnet sitt i november 2024.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff MS «Midnatsol» på hurtigruta sine heimesider
Kategori:Hurtigruteskip Kategori:Skip frå 2002 Kategori:Skip bygde i Noreg