mini|Ranelva ved Storvoll i Dunderlandsdalen, mai 2007 mini|«Hjertaasfos seet fra Rødfjeld. Dunderlandsdalen, Helgeland»
Dunderlandsdalen er eit dalføre i Rana kommune i Nordland. Dalføret strekkjer seg frå Mo til Saltfjellet. Ranelva følgjer dalen. I Dunderlandsdalen ligg tettstaden Storforsheia, bygdene Skonseng, Røssvoll og Storvoll.
E6 følgjer dalen frå Mo i Rana til Saltfjellet. Illhøllia tunnel, mellom Nevermoen og Røssvoll opna i 2002.
Som ein del av Dunderland Iron Ore Company sitt anlegg i 1902 vart det lagt jernbane frå Storforshei til Mo i Rana, og sidan 1947 har denne traseen vore ein del av Nordlandsbanen.
Historie
Steinalder mini|venstre|Stridsøks frå Dunderlandsdalen. Det har vore busetnad i Dunderlandsdalen sidan steinalderen. Sommaren 2003 oppdaga ein dansk turist ei «stridsøks» (Streitaxe) ved elva Eiterå. Øksa vart overlevert kulturavdelinga ved Rana Museum den 1. juli 2004.Rana Blad: Fisker fant 5000 år gammel steinøks, 2. juli 2004
Dette er det første funnet av den stridsøkskulturen i innlandet i Nord-Noreg. I 1913 vart det oppdaga ei 20 cm lang øks frå den same kulturhorisonten på Brattland i Utskarpen.
Øksa er ei «båt-øks» av svensk-norsk type frå 2800−2400 f.Kr. Ho var neppe ein funksjonell reiskap, men ei pynteøks — eit symbol på rikdom og sosial lagdeling. Kanskje høyrte ho til ein lokal høvding.
Gruvedrift Sidan 1799 har jernmalmleiene i dalen vore kjent, og den første industrielle utnyttinga av malmen skjedde i regi av Dunderland Iron Ore Company i fleire driftsperiodar, den første frå 1902. Selskapet vart avvikla i 1947. Frå 1937 har Rana Gruber drive utvinning av malmen.
Under den andre verdskrigen, opna okkupasjonsmakta, fleire fangeleirar; fangar svelta i hjel og fangar vart avretta.
I 1948 var det ei bussulykke i dalen der 16 døde, Dunderlandsdalen-ulukka. Bussen var på veg frå Tromsø frå det første landsmøtet i Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL).
Frå 1964 vart magnetitt og hematitt frå dalen nytta i produsjonen ved Norsk Jernverk i Mo i Rana.
Geografi mini|Frå Eiterå i Dunderlandsdalen. Sentrale stader, frå foten av Saltfjellet i nord og sørover, er Krokstrand, Bjøllånes, Storvoll, Dunderland, Eiterå, Nevernes, Storforshei, Nevermoen og Røssvoll.
Av sidedalar finn ein mellom anna Plurdalen, Røvassdalen, Bjøllådalen, Grønfjelldalen og Virvassdalen.
Geologi Dunderlandsdalen er kjent for store førekomstar av jernmalm, glimmerskifer og tildels marmor.
Berggrunnen i Dunderlandsdalen består av kaledonsk skifer som har gjeve grunnlag for bergverksdrift; mellom anna på Fauske marmor som òg finst på Fauske. På Storforshei har det vore utstrekt drift på jern.
Folketal År Folketal199818320001752001165200215920031742004172200517420061572007151
Sjå òg Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Dunderlandsdalen» frå , den 4. mai 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Dalar i Nordland Kategori:Saltfjellet Kategori:Geografi i Rana