Ro (gresk Ρω, tyrkisk Kara Ada) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet. Øya har eit areal på 1,6 km². Ho ligg vest for Kastellórizo og berre få kilometer frå sørkysten av Tyrkia. Øya høyrer til kommunen Kastellórizo.

Ro har nesten aldri vore busett i moderne historie, bortsett frå ein gresk patriot som gjorde ho kjend, Déspina Akhladióti. Kvar dag heiste Akhladióti eit gresk flagg, klart synleg frå tyrkisk jord, på øya. Denne patriotiske handlinga gjorde Akhladióti kjend rundt om i Hellas fram til ho døydde i 1982.Chroniko tou Eikostou Aiona (Chronicle of the 20th century), ed. 4E, Athens, 1990, p. 1258.

Ein liten gresk militærstyrke er i dag stasjonert på øya, mellom anna for å halde fram tradisjonen med å heise flagget. Ved folketeljinga i 2011 var det ingen permanente innbyggjarar på øya. Det vart registrert 1 innbyggjar ved folketeljinga i 2021.Folketeljing 2021

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rho Island» frå , den 5. august 2007.

Bakgrunnsstoff Informasjon om Ro

Ro