Eddie Gustafsson () er ein svensk fotballspelar som speler for Lyn. Han har tidlegare spelt for IFK Stockholm, IFK Norrköping, Molde FK og Ham-Kam. Han er keeper.

Gustafsson har spelt seks landskampar for Sverige, sist i unionslandskampen mot Noreg. Han spelte sin første landskamp i 2000. Han har også 30 kampar for aldersbestemte landslag.

Frå 2002 til 2004 var han førstekeeper for Molde. Han stod utan kontrakt etter sesongen, og prøvde seg i klubbar i både Europa og USA utan å få kontrakt. Han gjekk til Ham-Kam då dei fekk keeperproblem, og spelte alle kampane i 2005-sesongen. I 2006 gjekk svensken til FC Lyn Oslo etter at Ali Al-Habsi forlet Oslo-klubben til fordel for Bolton. Han har slite litt med å få speletid i vårsesongen, og har sete mykje på benken til fordel for sin yngre landsmann Johan Dahlin.

Bakgrunnsstoff Profil på lynfotball.net

Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Lyn-spelarar Kategori:Ham-Kam-spelarar Kategori:Molde-spelarar