Bocholt er ein by i Tyskland nordvest i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Borken, 4 km frå grensa til Nederland.

Bocholt er ein fabrikkby som hovudsakleg baserte seg på tekstilindustri på 1800- og 1900-talet. I dag er tekstilindustrien i tilbakegang

Historie Bocholt vart først nemnd i skriftlege kjelder i 779, då Karl den store vann eit slag mot saksarane i nærleiken. Busetnaden er sannsynlegvis mykje eldre enn dette. Biskop Dietrich III von Isenburg frå Münster gav Bocholt byrettar i 1222.

På 1400-talet blømde byen. Gravøren Israhel van Meckenem levde og arbeida i byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bocholt, Germany» frå , den 18. juli 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen Kategori:Hansaen