mini|Den Nationale Scene.

Den Nationale Scene er ein teaterinstitusjon i Bergen med røter attende til midten av 1800-talet, då Ole Bull sette opp teaterframsyningar i Det norske Theater. Frå 1852 til 1857 var Henrik Ibsen tilsett ved dette teateret.

I 1876 vart Den Nationale Scene stifta. Teateret sette opp framsyningane i det same teaterhuset som Det norske Theater spela i, Komediehuset på Engen.

Den noverande teaterbygget, teikna av Einar Oscar Schou, opna den 19. februar 1909 med framsyninga Erasmus Montanus av Ludvig Holberg.

Utanfor teateret er det mellom anna reist statue av forfattarane Nordahl Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson.

Teatersjefar 1890–1895: Johan Irgens-Hansen 1895–1898: Olaf Hanson 1899–1900: Hans Aanrud 1900–1905: Gustav Thomassen 1905–1907: Anton Heiberg 1908–1909: Olaf Mørch Hansson 1910–1924: Ludvigh Bergh 1924–1925: Christian Sandal 1925–1931: Thomas Thomassen 1931–1934: Karl Bergmann 1934–1939: Hans Jacob Nilsen 1939–1946: Egil Hjorth-Jenssen 1946–1948: Stein Bugge 1948–1952: Georg Løkkeberg 1952–1961: Per Schwab 1961–1963: Bjarne Andersen 1963–1967: Gisle Straume 1967–1976: Knut Thomassen 1976–1982: Sven Henning 1982–1986: Kjetil Bang-Hansen 1986–1996: Tom Remlov 1996–1997: Ketil Egge 1997: Aksel-Otto Bull 1998: Lars Arrhed 1998–2001: Bentein Baardson 2001–2007: Morten Borgersen 2008–2012: Bjarte Hjelmeland 2012–2019: Agnete Haaland 2020–2023: Stefan Larsson 2023– : Solrun Toft Iversen

Bakgrunnsstoff

Bergen byleksikon på nett, om Den Nationale Scene Bergen byleksikon på nett, om Teatersjefar ved Den Nationale Scene (oversyn)

kategori:Teater i Noreg kategori:Teaterbygg kategori:Kulturliv i Bergen Kategori:Skipingar i 1876 Kategori:Byggverk i Bergenhus Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:1876 i Noreg Kategori:Freda bygg i Vestland