Sjå òg Fylkesveg 715 (fleirtyding) Fylkesveg 715 (Fv715) går mellom Namdalseid og Trondheim over Fosenhalvøya.
Han tar av frå E6 ved Ila og går vestover langs sørsida av Trondheimsfjorden til Flakk der det går ferje til Rørvik i Rissa. Frå der går vegen ein mils veg nordaust langs nordsida av Trondheimsfjorden til Vanvikan før vegen går nordvestover Fosen gjennom Skaugdalen i Rissa, Åfjord, Roan, Osen. Frå Osen går vegen austover til han møter fylkesveg 17.
Historikk Vegen mellom Mælan i Stjørna og Årnes i Åfjord vart opna i 1950. Vegen mellom Rødsjø og Olsøy i Skaugdalen vart opna på byrjinga av 1960-talet. Den nyaste delen av vegen er strekninga Brattjer-Sundet i Osen. Den delen stod ferdig i 1978. Då fekk Rv724 Sundet-Fossli vegnummer Rv715.
Den 31. januar 2006 vart Arnevik bru riven vekk av flaumen. Ein person omkom då bilen han køyrte, hamna i elva. 9. februar vart ei provisorisk bru opna og ei ny bru vart innvigd i desember 2007.
Fylkesveg 715 i Osen mellom Sundet og kommunegrensa ved Vikvatnet er del av Nordfosen veimiljø. 21. desember 2009 kunngjorde riksantikvaren at Nordfosen veimiljø skulle fredast.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
Fossli mini|Fylkesveg 715 langs Levatnet i Osen mini|Rv715 går langs Normelandsfossen på venstre side mini|Osen kyrkje i Steinsdalen
Steinsdalen frå Sundet til Vingsand Straumholbrua (180 m) Store Holmsund bru (160 m) frå Vikvatn til Storvika i Roan (7,4 km)
frå Reppkleiv til Nordskjør
mini|Rv715 gjennom Årnes Åfjord kyrkje, til Stoksund Årnes bru (ca. 90 m) Stordalsvegen frå Årnes til Ugedal, Rømma og Aunet Mælan bru (ca. 35 m) Mælanakken Arnevik bru (58 m) Mørretunnelen (154 m) frå Mørre til Vorpbukt (5,8 km) frå Mørreaunet mot Follafoss i Verran
Krinsvatnet vestover via Bjugn og Ørland til Orkanger Rødsjø sørvestover til Stjørna Olsøy mot nordaust via Verran til Steinkjer, og til Keiserås Skaudalbrua (103 m) frå Kråkmo til Lerstad frå Keiserås til Olsøy frå Fagerlia til Tunge Vanvikan nordover langs fjorden via Leksvik sentrum og Mosvik til Inderøy thumb|Ferjeleiet på Rørvik frå Rørvik til Sund Ferje frå Rørvik
til Flakk (25 min., 2 turar/time) Flakk Bynesveien Trolla frå Ilsvika til Rotvoll, og til Kroppan
Referansar
Bakgrunnsstoff
Ferjeinfo Flakk-Rørvik
Kategori:Primære fylkesvegar Kategori:Fylkesvegar i Trøndelag Kategori:Ferjesamband i Trøndelag Kategori:Vegar i Trondheim Kategori:Vegar i Indre Fosen Kategori:Vegar i Åfjord Kategori:Vegar i Osen Kategori:Vegar i Namsos