Kurt Asle Arvesen () er ein norsk syklist frå Eresfjord i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Han sykla profesjonelt frå 1998 til 2011, og arbeider no for det britiske laget Team Sky.
Arvesen har delteke i alle dei store Grand Tour-ritta. I 2003 vann han ein etappe i Giro d'Italia. I 2004 vart han sett på som ein av Tour de Frances mest uheldige ryttarar etter å ha velta og skadd seg på fleire av etappane, men han fullførte likevel. I 2005 var han med i eit brot på 17. etappe, og låg lenge an til å vinne, men vart teke att like før målstreken. I 2006 var han ein av tre nordmenn som deltok i Vuelta a España.
20. mai 2007 tok Arvesen den andre etappesigeren sin i Giro d'Italia, nøyaktig fire år etter den første. Etter å ha vore i brot med ei stor gruppe, slo han regjerande verdsmeister Paolo Bettini i spurten. Arvesen stiller til start for CSC i Tour de France 2007, etter å ha vorte teke ut på laget av sportsdirektør Bjarne Riis 29. juni 2007.Arvesen klar for Tour de France 2007
Kurt Asle Arvesen vann 11. etappe i Tour de France 2008.
Merittar VM og NM U-23-verdsmeister på landevei (1997) Noregsmeister på landeveg (1997, 1998, 2002, 2008, 2009) Noregsmeister på tempo (2001, 2006) Nr. 13 under VM i Salzburg i 2006
Andre ritt 2002 - 1. plass på 3. etappe i Post Danmark Rundt. 2003 - 1. plass på 10. etappe i Giro d'Italia. 2004 - 1. plass Post Danmark Rundt 2004 - 1. plass CSC Classic 2005 - 2. plass i Post Danmark Rundt. 2005 - 2. plass på 17. etappe i Tour de France 2005 2005 - 2. plass på 5. etappe i Tour of Britain 2006 - 1. plass Ster Elektrotoer 2006 - 2. plass i Paris-Tours. 2007 - 1. plass på 8. etappe i Giro d'Italia 2007 - 3. plass i Ster Elektrotoer 2008 - 1. plass på 11. etappe i Tour de France.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Den offisielle heimesida til Kurt Asle Arvesen
Kategori:Norske syklistar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Syklistar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Syklistar under sommar-OL 2004 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Syklistar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Nesset