20. januar er den 20. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 345 dagar att av året (346 under skotår).

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar Dette er vanlegvis dagen då den amerikanske presidenten blir svoren inn.

Religiøs helgedag mini|Helgenane Sebastian og Fabian på eit spansk måleri frå 1400-talet.

Helgendag i den katolske kyrkja Heilage Sebastian Pave Fabian

Primstaven Brødremesse, market med øks, pil og øks, to krossar eller ei bispehue. Ein dag for å hogga emneved og gjera avtale om å dra på fiske saman.

Namnedag

Hendingar

Utlandet 1667: Polen avstod Kiev, Smolensk og det austlege Ukraina til Russland. 1892: Den første Korgballkampen vart spelt. 1921: Republikken Tyrkia proklamert. 1942: Wannseekonferansen der ein skulle finne den «endelege løysninga på jødeproblemet» 1995: Jean-Claude Juncker vart statsminister i Luxembourg.

Noreg 1523: Kong Christian II av Danmark-Noreg blei tvungen til å abdisera. 1984: Arne Treholt blei arrestert, mistenkt for å ha utført spionasje for Sovjetunionen.

Fødde mini|upright|Göran Persson i 2004

1741: Carl von Linné d.y., svensk naturforskar 1775: André-Marie Ampère, fransk fysikar 1844: Johan Selmer, norsk komponist 1873: Johannes V. Jensen, dansk forfattar og nobelprisvinnar 1889: Tryggve Gran, norsk flygar, fotballspelar, polarforskar, oppdagar og forfattar 1890: Dwight D. Eisenhower, amerikansk president 1920: Federico Fellini, italiensk filmskapar 1929: Jimmy Cobb, amerikansk jazztrommeslagar 1930: Buzz Aldrin, amerikansk astronaut 1932: Finn Alnæs, norsk forfattar 1939: Philip Newth, britisk-norsk forfattar 1943: Einar Førde, norsk journalist og politikar 1946: David Lynch, amerikansk filmregissør 1949: Göran Persson, svensk politikar og statsminister 1960: Jeff «Tain» Watts, amerikansk trommeslagar 1967: Ivar Bern, norsk sjakkspelar

Døde

1848: Kong Kristian VIII av Danmark, også konge over Noreg i 1814 som Kristian Fredrik 1850: Adam Oehlenschläger, dansk diktar 1875: Jean-François Millet, fransk målar 1907: Dmitrij Mendelejev, russisk kjemikar som fann opp periodesystemet 1931: Margrethe Munthe, norsk visediktar, forfattar og lærar 1936: Kong Georg V av Storbritannia 1973: Amilcar Cabral, afrikansk agronom, skribent og geriljaleiar, fødd i Guinea-Bissau 1993: Audrey Hepburn, britisk filmskodespelar 2005: Per Borten, norsk politikar og statsminister